Sagvåg barnehage avdeling Nysæter

Barnehagen har tre avdelingar  med 42 storbarnsplassar. Veslefrikk er avdelingen for dei minste barna, 1-og 2 åringane. På avdelingen som me kallar Kvitebjørn går barna som er 3 og 4 år.

Dei største barna, 4- og 5 åringane går på Tyrihans.

Søk plass her

årsplan 19-20 Nysæter.pdf

velkommen som søkjar.JPG

Tilbodet vårt

Lysbilde1.JPG

  • Satsingsområda våre dette året er "Ein inkluderande barnehage- og skule" og "Språkkommuneprosjekt"
  • Me er ein liten barnehage med 42 storbarnsplassar fordelt på tre aldersinndelte avdelingar
  • Stoltheta vår er "5 på topp" der  5-åringane bestig fem fjelltoppar i løpet av det siste året i barnehagen; Utslettefjellet, Dyvikesåto, Kattnakken, Steinhjellsheddo og Siggjo.
  • Me er ein Miljøfyrtårnbarnehage med fokus på bærekraftig utvikling.
  • Opningstid er måndag til fredag 06.30 - 16.15.
  • Me føl nasjonale betalingssatsar

 

Måltid i barnehagenKvardagen vår

  • For kostpengar kan alle barn få servert frukost, lunch, mjølk og frukt i barnehagen dagleg. me tek omsyn til allergiar og særskilde behov og legg til rette for dei som treng det. Mpltidabestår av brødmat med ulike pålegg, ulike typar gryn og jamleg innslag av varm mat. Grupper som er på heildagstur lagar ofte mat på tur så lenge det er lov å nytte open eld i naturen.
  • Pris: 300 kroner for barn som har full plass.
  • Pris. 180 kroner for barn som som går tre dagr i veka.

Me bidreg til utdanning av kompetent barnehagepersonale

Barnehagen har jamleg fokus på kompetanseheving av eigne tilsette. Me jobbar barnehagebasert i form av å tileigne oss kunnskap basert på nyare forskning relatert opp mot eigen praksis. Alle tilsette i barnehagen deltek på dette. Me jobbar gjerne med utgangspunkt i Utdanningsdirektoratet sine opplegg for kompetanse, og som er særleg tilpassa barnehage.

Me  har samarbeidarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet der me er praksisbarnehage for studentar.

 

 

 

Visjon og verdiar

Den viktige vaksne-barn-relasjonen.JPG

Vår visjon:

Me ser barnet

Alle har behov for å bli sett. Det å føla seg sett betyr å føla at nokon ser oss som me verkeleg er.

I vår barnehage skal kvart barn bli sett og høyrt, få utfordringar tilpassa eigne behov og få høve til leik og utvikling i eit inkluderande fellesskap.

Våre verdiar:

God omsorg

Me bryr oss om barna og deira føresette.

Me er tilstade for borna og gjev dei trygge rammer i deira prøving og utforsking

Meistringsoppleving

Me gjev barn utfordringar etter alder og utvikling på tvers av kjønnsrollemønster.

Me let barn ta eigne val og prøva ut eigne løysningar.

Glede og humor

Me viser glede saman med barna og tåler ein spøk og to.

Respekt og toleranse

Me er gode rollemodeller for barna.

Me gjev ros og anerkjenning til barn og vaksne.

Me er imøtekommande og løysingsorientert.

Me har felles fokus

Barnehageruta

I kalenderen nedanfor er barnehageruta impementert. Du kan elles lasta ned barnehageruta her.