Anne B leser bok til borna  Jente på fjellet  karneval jente  
Søk plass her
 

Veslefrikk: 941 65 035
Kvitebjørn: 941 60 596
Tyrihans: 941 64 698

Styrar: 481 10524
Mail: irene.nilsen.vinje@stord.kommune.no

Opningstid er måndag til fredag 06.30 - 16.15

uteområde klatrestativ red.jpg     Uteområdet ved leikeapparat båt  Uteområdet haugen.jpg    

 

Tilbodet vårt

Barn og vaksne på fjellturHos oss skal barna oppleve varme, trygge og nære vaksne som ser det enkelte barn. Gode relasjonar er avgjerande for at barna skal kjenne seg trygge, og for å lære er tryggleik ein føresetnad. Me jobbar for at barna skal vere aktiv med i god leik. Me har fokus på eit trygt og godt barnehagemiljø samt eit språkmiljø med fokus på kommunikasjon mellom barn og vaksne. 

  • Satsingsområda våre dette året er "Eit inkludererande barnehagemiljø" og "Eit språkmiljø med fokus på samspel og kommunikasjon mellom barn og vaksne".

Me har eit unikt uteområde i rolege omgjevnadar som stimulerar til leik og beveging. Me har hatt fokus på skjerme dei små barna sin leik ute. Me kan dele uteområdet vårt i to slik at dei aller minste får ro og tryggleik til å fritt kunne bevege seg og leike. I tillegg til uteområdet i barnehagen, har me eit inngjerda skogsområde som me kallar «Haugen», her kan barna boltre seg i naturen.

Me er stolt av:

Barn-hjelper-barn-aksjon (Forut) 

Karnevalsprosjektet vårt startar januar og endar i ein karenvalfest i slutten av februar. Barna vel sjølv kva dei vil vere ut i frå tema og lagar sine eigne kostymar og instrument av material som gjerne har hatt ein annan funksjon før. Me har fokus på gjenbruk

Me er ein Miljøfyrtårnbarnehage med fokus på bærekraftig utvikling.

Fem-på-topp-turar for 5-åringane som skal byrje på skulen.

Personalet som jobbar i avd. Nysæter har høg fagleg kompetanse og erfaring. Me jobbar kontinuerleg med kompetanseheving og vidareutdanning av våre tilsette. I år skal me vere med i REKOM som står for regional tilskotsordning for kompetanse heving.Temaet med bakgrunn i satsingsområda er «Språkleg utvikling og inkludering med hjelp av digitale verktøy» Barnehagen er òg ein praksisbarnehage for studentar frå HVL.

Me ynskjer eit tett og godt samarbeid med de foreldre. Me har òg eit tverrfagleg samarbeid med andre instansar i samarbeid med føresette for å kunne legge til rette for ei best mogleg utvikling for barna.

 

Måltid i barnehagen:

  • For kostpengar kan alle barn få servert frukost, lunsj, mjølk og frukt i barnehagen dagleg. Me tek omsyn til allergiar og særskilde behov og legg til rette for dei som treng det. Måltida består av brødmat med ulike pålegg, ulike typar gryn og jamleg innslag av varm mat. Grupper som er på heildagstur lagar ofte mat på tur. 
  • Pris: 300 kroner for barn som har full plass.
  • Pris. 180 kroner for barn som som går tre dagr i veka.

 

Visjon og verdiar

Vår visjon:

Saman om den gode barndomen

I vår barnehage skal kvart barn bli sett og høyrt, få utfordringar tilpassa eigne behov og få høve til leik og utvikling i eit inkluderande fellesskap.

Våre verdiar:

- God omsorg
​- Me bryr oss om barna og deira føresette.
- Me er tilstade for borna og gjev dei trygge rammer i deira prøving og utforsking
- Meistringsoppleving
- Me gjev barn utfordringar etter alder og utvikling på tvers av kjønnsrollemønster.
- Me let barn ta eigne val og prøva ut eigne løysningar.
- Glede og humor
- Me viser glede saman med barna, og me likar å tulle, tøyse og le i lag.
- Respekt og toleranse
- Me er gode rollemodeller for barna.
- Me gjev ros og anerkjenning til barn og vaksne.
- Me er imøtekommande og løysingsorientert.
- Me har felles fokus

Barnehageruta

I kalenderen nedanfor er barnehageruta impementert. Du kan elles lasta ned barnehageruta her.

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er eit sertifiseringsordning som dokumenterar verksemder sin miljøinnsats og at verksemda viser samfunnsansvar.

«Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er en føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdier, haldninger og praksis for meir berekraftige samfunn» (Rammeplan for barnehage, s.10)

Eit satsingsområde der me legg vekt på:

  • La barna medverke i å dyrke grønsaker, plante frø,
  • La barna medverke på sanking ute i naturen
  • Matlaging av råvarene barna har dyrka, hausta eller sanka
  • Plukke og sortere avfall i nærmiljøet vårt
  • Ha jamleg fokus på matsvinn
  • Samle naturmateriale til bruke i leik og aktivitetar
  • Nytte gjenbrukmateriale i det årlege karnevalet vårt.
  • Redusere bruken av papir
  • Arrangere berekraft-veke i barnehagen