Tjødnalio barnehage

velkommen som søkjar.JPG

Me er ein kommunal heildagsbarnehage, med 62 plasser fordelt på 3 avdelinger.
- Litenavdeling - Luren(1-åringar) og Goagruppe(2-åringar)
- Mellomavdeling - Goagruppa og Huldragruppa(2 år+ 3 år)
- Storavdelingen - Tussagruppa(4-åringar) og Trollgruppa ( 5-åringar)

Inormasjon om avdelingane finn du til høgre.

Søk plass her

Tilbodet vårt

miljøfyrtårn.JPG

  • Satsingsområda våre dette året er "Ein inkluderande barnehage- og skule" og "Språkkommuneprosjekt.

  • Me er ein Miljøfyrtårnbarnehage og er oppteken av berekraftig utvikling

  • Frokost, lunsj, frukt og mjølk i samsvar med anbefalingar frå Helsedireltoratet, til kostpris.

  • Ulike familie- og foreldrearrangement

  • Foreldremøte, foreldresamtalar og fagbaserte foreldremøter. Me er opptatt av eit godt samarbeid med mei viktigaste i barnets liv; foreldra.

  • Opningstid er måndag til fredag 06.30 - 16.15.

  • Særskilt fokus på tilrettelegging for dei aller yngste i barnehagen.

  • Me har 5 planleggingsdagar pr. bruksår.

  • Me føl Stord kommune sine betalingssatsar og vedtekter.

  • Me legg til rette for prosjekt og i leik i små aldershomogene grupper deler av dagen.

Barnehageruta

I kalenderen nedanfor er barnehageruta impementert. Du kan elles lasta ned barnehageruta her.

 

 


 

Merkedagar

Bursdag:
Er ein spesiell dag for barnet. Me heiser flagget, og pyntar garderobebilete til barnet. Feiringa går føre seg i dei små aldershomogene gruppene. Barnet får pynta bordet med gjenstandar frå ”bursdagsskåpet”, Det blir gjort ekstra stas på barnet under feiringa.

Haustfest:
Aktivitetsdag for foreldre og born. Borna jobbar saman med foreldra, og me serverer "muskelsuppe" til middag.

Luciafest:
Trollgruppa går i Luciatoget ein morgon i desember for dei andre i barnehagen og familiane deira. Alle får smaka lusekatter.

Nissegraut:
Grautfest for borna i barnehagen. Kanskje kjem Nissen med noko i posen sin?

Bamsesjukehus
Borna har med seg sin eigen bamse som får full sjukehussjekk av born og personale, for anledningen "leger og sjukepleiarar".

Førstehjelp
Barna lærar grunnleggjande førstehjelp saman med dukka Henry frå Raude kors.

Påske:
Me har tradisjonelle påskeaktivitetar med vårsamling, påskelunsj og eggjakt.

Aktivitetsdag:
I samband med ei felles førebuing til feiringa av 17 mai. Me har aktivitetsløype, lagar felles hurrarop og flagg, som me går i tog med rundt barnehagen. Det vert litt ekstra til lunsj denne dagen. 

Tjødnalio kabareten: 
Me har førestilling i gymsalen på Tjødnalio skule. Familie, venner er velkomne.  Inntekta frå dagen går til prosjekt i barnehagen som barna vil få glede av.

Brannvern veke: 
Bjørnis/Eldar og Vanja = samlinger og brannøvingar.

 

Spesielt for Trollgruppa (5-6 år):

Barnehagedagen:
I regi av utdanningsforbundet og i samarbeid med HVL. Førskulebarna deltek på dette opplegget, medan dei yngre borna har eigne aktivitetar i barnehagen.

Dagsturar
I løpet av våren set gruppa seg felles turmål, som me strekker oss etter å nå saman.

Besøk i Litlabø gruver: 
Trollgruppa vert kjent med historia frå eige nærmiljø.

Visjon og verdiar

eg kan.JPG

Vår visjon:
Saman om den gode barndommen

Våre verdiar:
Positivitet, Engasjement, Respekt, Likeverd, Omsorg.
Dette gjer oss til PERLO i Sagvåg

Som kommunal barnehage føl me og kultur og verdiplakaten til Stord kommune og har implentert denne i våre verdiar:

Saman om utvikling og velferd: 
Med Positivitet som ein grunnhaldning er personalet i Tjødnalio barnehage saman om utvikling og velferd, fordi me våger å:
-Tru at me kan klare det - Vera løysingsorientert - Ta ansvar - Dele idear og initiativ - Sjå kva me har fått til - Bruke humor i kvardagen

Nyskapande: 
I Tjødnalio barnehage har me eit nyskapande personale som synar Engasjement gjennom evne til å: - Vera «pålogga» - Vera interessert - Syne omtanke - Ta initiativ - Vera fleksible - Nytte fagleg skjønn

Kompetente: 
I Tjødnalio barnehage har me eit kompetent personale som synar Respekt gjennom evne til å: - Invitera til dialog - Skapa god kommunikasjon - Setja grenser - Syne toleranse - Syne empati - Skapa eit godt samarbeidsklima

Open:
I Tjødnalio barnehage har me eit ope personale som synar Likeverd gjennom evne til å: - Invitera til medverknad - Vera rause - Anerkjenne - Inkludera - Undra seg - Verdsette ulikskaper

Brukarorientert:
I Tjødnalio barnehage har me eit brukarorientert personale som synar Omsorg gjennom evne til å: - Sjå individet - Støtte individets behov - Skape tryggleik - Skape tydelege rammer - Vera tilstade her og no - Vera romslege

Vår visjon og våre verdiar, inspirerar oss til å vera i kontinuerleg endring og utvikling.

Filosofiske forankring

I samsvar med vår visjon; «Alle får strekka seg så langt dei kan», ser me på barnet som eit individ som heile tida strekker seg både oppover, framover og utover, - frå det nære og konkrete, til det vide og meir abstrakte. Som eit symbol på denne tenkinga har me valt regnbogen. For som med regnbogen er det ikkje berre ei gullgryta ved enden som lokkar som eit fortryllande og glitrande mål. Borna sine oppdaginga, opplevinga, læring og undring undervegs, -oppover, framover og utover, er det som leiar dei mot nye erfaringar, innsikt og forståing på deira livslange læringsferd. Me tenker at ved å gjera våre mål, profil og rammer tydelege for alle, kan me velje ut og avgrensa oss til nokre arbeidsområde for kvar aldersgruppe. Det vert slik ein samanheng og progresjon i det pedagogiske opplegget vårt frå år til år. Me sikrar barnet ein kontinuerleg vekst og utvikling frå 1 årsalderen fram til 6 års alderen, fordi barnet sine tidlegare erfaringar supplera eller støtter opp under dei nye erfaringane dei gjer seg. Ved å ta medvitne val og spissa praksisen vår har me opplevd at kreativiteten veks og høvet til å fordjupe seg i dei områda som borna er opptekne av vert forsterka. Borna si medverknad vert reel, og me som vaksne har skapt oss tid og rom til å stå i undringa og utforskinga saman med borna.