Om oss
Barnehagen er delt inn i to avdelingar. På avdeling for dei minste barna går 1- og 2- åringane. 1-års gruppa heiter Luren., og 2-års gruppa heiter Goagruppa. På avdelinga for dei store barna finn me gruppa for 3-åringane;Huldragruppa. Tussagruppa består av 4-åringar, ogTrollgruppa er ei gruppe med 5-åringar.
Kvar avdeling vert delt inn i smågrupper då dette gir den vaksne betre tid og rom for god relasjon og oppfølging av enkeltbarn.
Lokalene våre er lyse og lette og innbyr til gode pedagogiske aktivitetar prega av fysisk aktivitet og leik.
Har du lyst til å veta meir om oss? Du er velkomen på besøk til barnehagen vår. Du vil då få ei omvisning inne og ute i barnehagen, og får muligheit til å stille spørsmål om barnehagen vår. Ta kontakt slik at me kan avtale tid. Har du ikkje muligheit til eit besøk hos oss, ring oss så kan me ta ein prat.
Tilbodet vårt
Våre satsingsområde
Eit inkluderande barnehagemiljø
Eit satsingsområde der me legg vekt på:
- Omsorgsfulle relasjonar og oppleving av å høyre til
- Å fremje helse, trivsel, leik og læring hos alle barn.
- Barns medverknad i barnehagefellesskapet
- Godt foreldresamarbeid
- Emosjonell støtte og sosial utvikling
- Positivt barnehageklima og gode forbilde
- Å legge til rette for ein barnehagekvardag der vennskap og leikande fellesskap står i fokus.
Eit språkmiljø med fokus på samspel og kommunikasjon mellom barn og vaksne
Eit satsingsområde der me legg vekt på:
- Gje barna samtale- og leikestøtte gjennom dagen
- Å aktivt støtte barnas språk- og kommunikasjonsferdigheter slik at dei inkluderes i barnefellesskapet
- ASK-alternativ og supplerande kommunikasjon som ein del av det allmennpedagogiske tilbodet
- Legge til rette for eit variert, inkluderande og utviklande språk- og læringsmiljø for alle barn
- Gje barna erfaring med å uttrykke seg slik at andre forstår, og erfare å forstå andre.
- Digitale verktøy som bidreg til barnas leik, kreativitet og læring
- Godt foreldresamarbeid
Berekraftig utvikling
Eit satsingsområde der me legg vekt på:
- Som sertifisert Miljøfyrtårnbarnehage er me oppteken av å ta vare på sjølve, kvarandre og naturen.
- Me nyttar barnehagen sitt nærområde og skogen som ein arena for leik og læring.
- Barna får daglege naturopplevingar og vert kjend med naturen sitt mangfald. Me ønskjer å bidra til at ungane opplev tilhøyrsle til naturen.
Barnehagebasert kompetanseheving
- Dei tilsette i avd. Tjødnalio har høg barnehagefagleg kompetanse. Barnehagen har jamleg fokus på kompetanseheving av eigne tilsette og vidareutdanning. Me jobbar barnehagebasert i form av å tileigne oss kunnskap basert på nyare forskning relatert opp mot eigen praksis. Alle tilsette i barnehagen deltek på dette.
- Me har samarbeidarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet der me er praksisbarnehage for studentar
Me er stolt av:
-Me er ein mellomstor barnehage med ei stabil, kompetent, positiv og humørfyllt personalgruppe.
-Me er sertifisert som ein Miljøfyrtårnbarnehage og er oppteken av berekraftig utvikling. Me lærar barna å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen.
-Haustfesten vår, som er eit foreldrearrangement med fokus på inkludering og fagleg innhald
-Prosjektarbeid gjennom året der ungane får medverke ved å delta i planlegging og evaluering
-Barnehagen ligg flott til, med eit spennande og variert uteområde, og skogen tett på.
Opningstid er måndag til fredag 06.30 - 16.15
- Me har 5 planleggingsdagar pr. bruksår. Desse ligg alltid på elevfrie dagar for grunnskulane.
- Me føl nasjonale betalingssatsar
- For kostpengar kan alle barn få servert frukost, lunch, mjølk, frukt og grønnsaker i barnehagen dagleg. Me tek omsyn til allergiar og særskilde behov og legg til rette for dei som treng det. Måltida består av brødmat med ulike pålegg, ulike typar gryn og jamleg innslag av varm mat. Grupper som er på heildagstur lagar ofte mat på tur så lenge det er lov å nytte open eld i naturen.
- Pris: 300 kroner for barn som har full plass, 180 kr for tre dagar i veka.
Barnehageruta
I kalenderen nedanfor er barnehageruta impementert. Du kan elles lasta ned barnehageruta her.
Visjon og verdiar
Vår visjon:
Saman om den gode barndommen
Våre verdiar:
Nyskapande, respektfull, open og brukarorientert
Nyskapande:
I Tjødnalio barnehage har me eit nyskapande og kompetent personale som synar engasjement gjennom evne til å:
- Vera «pålogga»
- Vera interessert
- Syne omtanke
- Ta initiativ
- Vera fleksible
- Nytte fagleg skjønn
Respektfull:
I Tjødnalio barnehage er me venlege og har omtanke og respekt for andre. Me legg vekt på:
- verdsetje og fremje mangfald
- synlleggjere verdien av fellesskap
Open:
I Tjødnalio barnehage har me eit ope personale som legg vekt på:
- å invitera til medverknad
- Inkludering
- God dialog med brukarane
Brukarorientert:
I Tjødnalio barnehage har me eit brukarorientert personale som legg vekt på:
- Sjå individet
- Støtte individets behov
- Skape tryggleik - Skape tydelege rammer -
- Vera tilstade her og no
- Vera romslege
Vår visjon og våre verdiar, inspirerar oss til å vera i kontinuerleg endring og utvikling.