Fokus på livsmestring og helse har ein sentral plass i Rammeplan for barnehagen. Det same har mangfald og gjensidig respekt, og barna i barnehagen skal blant anna erfare at dei er av tyding for fellesskapet. Ser me samarbeidsprosjektet opp i mot dette og ut i frå barnehagen sitt perspektiv, ønskjer me med gjensidige besøk mellom institusjonane å gje barna erfaringar kring det å prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og glede (Rammeplan for barnehagen, kap.1). Treffpunkt med felles aktivitetar og opplevingar er meint å legge til rette for kjennskap og venskap på tvers av generasjonar, på ein måte som fremmar respekt for menneskeverd. Møte mellom på tvers vil og gje erfaring med ulik livsmestring, noko som igjen er viktig bidrag i barnehagen sitt arbeid med verdiar og haldningar. Kort oppsummert, vil me jobbe for kvardagsglede for liten og stor.

Samarbeidet er heilt i oppstarten og heile prosjektgruppa skal treffast for første gang fredag før påske. Me har mange tankar, og gode utgangspunkt for kva og korleis me skal jobbe dette ut, og me gledar oss til å koma i gang. Hovudansvarleg for prosjektet er Hildebjørg Røssberg, styrar i Skogatufto barnehage og Esther Aasen Bjelland, einigsleiar Stord sjukeheim / Knutsaåsen omsorgssenter. Folkehelsekoordinator Tove Agdestein vil vere ein naturleg samarbeidsperson utover i prosjektet.