Komiteen består av ordførar, tilsette, leiar i Frivilligsentralen, lag og organisasjonar og Stord næringsråd. Fylkesaksjonsleiar i Hordaland; Marte Jansen var også med i dag. Målet med komiteen er å planlegga og organisera aksjonsdagen 20. oktober. 

TV-aksjonen i år går til organisasjonen CARE som skal skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder. TV-aksjonen skal gje 400 000 kvinner moglegheit til å skapa sin eigen arbeidsplass, bestemma over sin eigen kropp og få si røyst høyrt.

Organisasjonen CARE som har sitt utspring etter 2. verdskrig. Då ville amerikanske organisasjonar hjelpa Europa som var i naud, og sendte over pakkar mm. CARE Norge starta i byrjinga av 80 talet og jobbar i 13 land.   

Om eitt par veker kan du registrera deg som frivillig på www.blimed.no.  eller send e-post til Frivillig.sentralen@stord.kommune.no