Omlag 60 personar hadde funne vegen til Stord konferansesenter. Nabokommunar var invitert, og det var deltakarar frå Sveio, Fitjar og Bømlo. Det var representantar frå eldreråd, brukarrepresentantar, tilsette på planavdeling og eigendomsavdelingar i kommunane, helse- og omsorgstenesta, private næringsdrivende, personar som var interesserte i tema og ein politikar til stade på seminaret.

Gode foredrag om korleis det er å ferdas ute for ein som er blind, om livet mellom husa og kommuneplan som ein felles plattform for inkluderande samfunn gjorde dagen lærerik. Hindringar i sentrum av Leirvik og korleis få til brukarmedverknad i praksis var også tema.

Med ulike representantar frå fleire kommunar tilstades blei gruppearbeid om utfordringar og tiltak interessant og noko å ta vidare i arbeid med trygt og universelt nærmiljø.

Nils Magne Blålid   Tove Dypå Lunde og Ane Agdestein

Bilete på topp: Sølvi Marie Risøy, samfunnsviter og fylkeslagsleiar i Blindeforbundet holdt eit engasjert og engasjerande innlegg om korleis bevege seg ute når du er blind.
Bilete i artikkel: leiar av eldrerådet Tove Dypå Lunde og student Ane Agdestein utforskar korleis det er å dere svaksynt og ha nedsett hørsel.
Bilete i artikkel: politikar Nils Magne Blålid hadde ein kort sammenfatning av dagen og ein sterk appell om vidare arbeid for eit samfunn for alle.