Velkomen til SFO

 

Er du ny søkjar på SFO? Då har du kanskje spørsmål om kva SFO er, og kva me gjer på SFO. Her er litt informasjon om skulefritidsordninga på skulen vår.

I Stord kommune sine vedtekter står det følgjande om føremålet med ordninga:

«Skulefritidsordninga er eit omsorgs- og fritidstilbod i hovudsak for barn i 1.-4. trinn. I tillegg gjeld ordninga også for barn med særskilde vanskar 4.-7.trinn. Tilbodet vert gjeve utanom den obligatoriske skuledagen for 1.-4. trinn. Innhald og aktivitet skal ha hovudvekt på leik, kultur – og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.»

I personalgruppa vår på Langeland skule har me drøfta korleis me ynskjer at innhaldet på SFO skal vera. I vedtektene til Stord kommune står det at SFO skal vera eitomsorgstilbod. Hos oss ynskjer me at barna skal bli sett og lytta til. På første trinn legg me særskild vekt på overgangen barnehage-skule-SFO. Dersom nokre barn opplever denne overgangen utfordrande, ynskjer me å vera der for barnet. Me ynskjer å trøysta, finna leikelag og tryggja barnet på at det går bra. Målet vårt på SFO er at alle skal trivast hos oss. SFO skal vera ein god stad å vera for alle barna som er hos oss. Skuleåret 2015/2016 har me 75 barn på SFO. Desse er aldersinndelt i tre grupper, og gruppene har eigne klasserom.

Leiken står sentralt på SFO. Me synest leiken er veldig viktig, fordi i leiken lærer barna å ta omsyn til kvarandre, ta andre sitt perspektiv og å gå inn i roller. Dei utviklar fantasi, kreativitet og skaparevne, og dei lærer å fungera sosialt saman med andre barn. Me vaksne som jobbar på SFO er opptekne av å gi god tid til den frie leiken, og at alle barna skal få delta i leik. Ingen skal haldast utanfor.

Samtidig som me er er oppteken av den frie leiken, ynskjer me å tilby tilrettelagte aktivitetar på SFO, men barna vel i stor grad sjølv om dei vil delta på desse aktivitetane. Døme på aktivitetar me tilbyr er t.d. formingsaktivitetar, konstruksjonsleik, regelleik, leik i gymsalen og turar.

Dagsrytmen er samling med namneopprop, måltid og tilrettelagte aktivitetar/frileik.