Helsehuset signert kontraktStord kommune har fleire avdelingar som treng nye lokaler, og som ein del av løysinga på dette er det no skrive kontrakt om lokaler i det nye helsehuset.

Helsestasjonen har lokale i sentrum Myro med eit avdelingskontor i Sagvåg og eit i Nordbygdo. Lokala i sentrum er ikkje tilpassa dagens drift. Det er for få kontorplassar og lite tilfredsillande tilhøve for foreldre med små born.

Dagtilbodet Maris har midlertidige lokaler i det gamle bygget på nattrutekaien. Dette skal etter planen rivast og Maris vil trenga nye lokaler. Det ligg til rette for at Maris, med relativt enkle ombyggingsgrep, kan nytta lokala i Myro og ein får ein vinn – vinn situasjon. 

Avtaleverket med Stord Helsepark AS består av fire separate avtalar:

  • Leiekontrakt mellom Stord Helsepark og Stord kommune
  • Driftsavtale mellom Alfa Eiendomsdrift AS og Stord kommune
  • Tilleggsavtale som fristiller kommunen frå leigeavtala for Maris ved innflytting i helseparken
  • Tilleggsavtale som fristiller kommunen frå leigeavtala for Hamna kontaktsenter ved innflytting i helseparken

Leigeavtale omfattar eit areal på 436 m2, 575 m2 inklusiv kommunen sin del av fellesarealet. 

Når det gjeld spørsmålet om nye lokale til utekontakten er ikkje dette vurdert enno, men ein har sikra seg opsjon fram til 1. juni 2020 med høve til eventuelt å leige meir areal i Stord helsepark. Fram til dess vil rådmannen vurdere arealbehovet til utekontakten nærare.

Stord helsepark er planlagt ferdig i april 2021.