Sjukepleiar (ID 1462)

Me har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar ved døgnavdelinga i eining for aktivitet og re/habilitering.

Avdeling for døgnrehabilitering: er organisert under eining for aktivitet og re/habilitering. Avdelinga har 16 korttidsplasser, og av dei er det for tida 4-5 plasser for rehabilitering, samt plassar for pasientar som av andre grunnar har behov for eit korttidsopphald. Avdelinga er ein variert og triveleg arbeidsplass med fokus på tverrfaglegheit og godt samarbeid. Ein arbeidar i tett samarbeid med fleire fag og yrkesgrupper, samt ulike instansar i rehabilitering, helse og omsorg i Stord kommune.

Ein søkjer etter godkjent sjukepleiar med interesse for, og gjerne erfaring med rehabilitering. Stillinga har dagvakter og kveldsvakter i vekedagane og arbeid kvar 3. helg. Det vil verte lagt vekt på evne til samarbeid, og god kommunikasjon med brukar,  pårørande og kollega.

Me ynskjer ein kollega som er løysingsorientert, med god arbeidskapasitet og arbeidsglede, som likar utfordringar. Ein må kunne jobbe sjølvstendig og i team. Som fast vikar hos oss vil du få brei og unik erfaring. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar ta kontakt med:
Avdelingsleiar Eunike Risnes, tlf 450 10 444
Einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.

Søknadsfrist: 21.12.18

Søk på stilling