Desse prisane, bortsett frå seniorprisen, vert delt ut samstundes som Stord kommune sin kulturpris vert delt ut ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar. Seniorprisen vert delt ut på eldredagen i byrjinga av oktober.

Frist for å senda inn forslag til kandidat til eldsjelprisen, målprisen, seniorprisen og pris for god tilgjenge er 15. september. 

Når du har sendt skjemaet vil du få ein e-post med kopi av det du har skrive i forslaget. Om du ikkje skulle få ein slik e-post, kan det vera at det er er ein feil i e-postadressa du har oppgitt eller at du kan ha gjort ein annan feil i utfyllinga. Det er difor viktig at du oppgjev korrekt e-postadresse og at du er nøye med utfyllinga. 

Her finn du skjemaet.