Om tilskotet

Tilskotet skal gje midlar til foreininga/laget si ordinære drift. Ved vurderinga vert det lagt vekt på medlemstal, talet på medlemer under 19 år, aktivitet, eigeninnsats og kapitalbehov.

  • tilskot til song- og musikklag
  • tilskot til idrettsorganisasjonar
  • tilskot til allmenne kulturorganisasjonar
  • tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar

Søknaden skal skrivast på eige skjema for den aktuelle søknadsgruppa og ha følgjande vedlegg:

  • Medlemsliste
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Årsmelding

Eininga Kulturtenester administrerar ordninga. Musikkrådet og Idrettsrådet gjev innstilling til fordeling av midlane overfor Komité for næring miljø og kultur som tek endeleg avgjer.

Det vert stilt følgjande krav for at ein organisasjon generelt skal ha rett til tilskot:

Organisasjonen skal ha minst 10 medlemer/deltakarar. Det kan dispenserast for kravet om 10 medlemer der særlege tilhøve tilseier det

Det er ein føresetnad for å få stønad at tiltaka er opne.

Det vert ikkje gjeve tilskot til turar, studiereiser, reiser til særlege arrangement osb.

Alle underavdelingar i foreiningar/lag skal fremja sine søknader gjennom hovudstyret, dersom slikt finnest i kommunen

  • Kommunen (eining for kulturtenester) har til ei kvar tid rett til å undersøkja om grunnlaget for tilskot er til stades, og korleis tildelte midlar vert brukte.
  • Lag og foreiningar som tek imot tilskot, må godta ordninga med følgjeprov som gjeld i kommunen.

For alle typar tilskot vert det teke atterhald om at det er sett av midlar på budsjettet.

Søknadsfrist 1. april. Tildeling: Innan utgangen av juni.

Vurdering av søknaden

Ved vurderinga vert det lagt vekt på medlemstal, talet på medlemar under 19 år, aktivitet, eigeninnsats og kapitalbehov. Søknaden skal skrivast på eige elektronisk skjema for den aktuelle søknadsgruppa og vedlegga som er omtalt i skjemaet skal leggjast ved. Her kan de velgja eitt av desse formata: pdf, Excel eller Word.

  • Musikkrådet gjev innstilling.
  • Idrettsrådet gjev innstilling.

Søknadsfrist: 1. april.

Når du har sendt søknaden vil du få ein e-post med kopi av det du har skrive i søknaden. Om du ikkje skulle få ein slik e-post, kan det vera at det er er ein feil i e-postadressa du har oppgitt  eller at du kan ha gjort ein annan feil i utfyllinga. Det er difor viktig at du oppgjev korrekt e-postadresse og at du er nøye med utfyllinga. Om du likevel får problem kan du melda slike her. Her kan du også melda ev. andre feil du finn i skjemaet.