Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skjenkeløyve - ambulerande for eitt enkelt høve

Tenesteomtale

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med eit slutta selskap eller ved eit ope arrangement, må du søke kommunen om skjenkeløyve.

Løyvet kan gjelde servering av øl, vin og ev. brennevin.

Kriterium/vilkår

Det må vera ein løyvehavar/skjenkestyrar og ein reserveskjenkestyrar per løyve, jf. alkoholpolitiske retningliner for Stord kommune for 2017-2020. Løyvehavar må vera fylt 20 år og må ha uklanderleg vandel i høve til alkohollova. Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

For opne arrangement med skjenkeløyve for øl og vin må det vera 18 års aldersgrense.

For opne arrangement med skjenkeløyve for øl, vin og brennevin må det vera 20 års aldersgrense.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå alkohollova § 4, § 8-9 og Stord kommune sine alkoholpolitiske retningsliner for 2017-2020.

Alkoholforskriften
Alkoholloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

De finn elektronisk søknadskjema her

Sakshandsaminga av søknader etter alkohollova vil nødvendigvis ta tid etter som fleire høyringsinstansar skal uttala seg før endeleg avgjerd kan takast.

Søknadfrist for skjenkeløyve er

  • for lukka arrangement (berre innbydde gjester) seinast 1 veke før
  • for lite ope arrangement seinast 2 veker før
  • for større ope arrangement (døme festival) seinast 4 veker før
  • for ein kortare periode seinast 4 veker før

Skjenkeansvarlege må gjere seg kjende med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.

Vedlegg

Legitimasjon

Saksbehandling

Det vert m.a. innhenta vandel/uttale frå politiet for løyvehavar. De får skriftleg melding om vedtaket. Vedtaket kan påklagast.

Kontakt

Telefon: 53496600
Avdeling: Fellestenester

Tjenesten oppdatert: 12.02.2019 10:19