Eit barn som bruker mobilen ein time om dagen vil med ein gjennomsnittleg levealder på 82 år bruka om lag 30.000 timar på mobilen. Veldig mange barn og unge bruker mobilen 4 timar eller meir kvar dag. Det er 60 årsverk.
 
Mobilen og algoritmane eig tida til barna. Bruken rammar alt det viktige dei treng for å ha det bra; leika, sova, bevega seg, lesa, dagdrøyma og vera saman med andre. Samtidig stig tala for psykisk uhelse blant barn og ungdom, og skuleresultata går nedover.
 
Me har gitt barna fri tilgang til applikasjonar og dingsar som me vaksne knapt klarer å handtera. Til sosiale medium som krev ein mental modnad barn og unge rett og slett ikkje har utvikla, fordi hjernen deira framleis er under ombygging.
 
Me har berre gjort det, fordi me trur det digitale har komme for å bli. Dei einaste som tener på det er tek-gigantene. Men: det som ikkje gjer liva våre og samfunnet betre, det har ikkje komme for å bli. Det kan me fjerne eller endra.
 
Etter føredraget vil Maja Lunde delta i ein samtale med rektor ved Sagvåg skule Lars Bakka, lærar på Stord vidaregåande skule Gaute Epland, grunnskolelærerstudent på Høgskulen på Vestlandet Christin Hystad Barane, og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet Hege Myklebust.
 
Ordstyrar: Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida Junior.
 
Arrangementet er eit samarbeid mellom Samtidsdagane på Høgskulen på Vestlandet, Utdanningsforbundet Stord, Stord bibliotek og Folkeakademiet Stord.
 
Stad: Stord kulturhus, Storsalen
Pris: 75 kr
 
Foto: Agnete Brun