Sykkelvogn   Skogatufto barnehage

Frå barnehagen til Leirvik sentrum med sine fasilitetar, arbeidsplassar og kommuneadministrasjon, er det fem minutt å gå. Det er og gode tilgangar på buss i nærområdet. Barnehagen ligg i område med nærhet til Kværner og Eldøyane industriområde og det er kort avstand til Heiane handels- og næringsområde. Vikahaugane sportssenter er ein av våre næraste naboar.

Området barnehagen ligg i innbyr til gode turar i skogsområde som for eksempel Landåsen og Eventyrskogen, samt til turområde mot sjø via Gullberg til Sponavikjo. Barnehagen har eigen Lavvo ved leikeplassen i Gullskar; denne vil bli nytta som friluftsbase av barnehagen samt vere del av nærmiljøtiltak for barnefamiliar og andre.

Barnehagen har el-sykkel som nyttast saman med både dei yngste og dei eldste barna og legg til rette for å kunne ta små grupper med på turar med mål noko lengre vekk.

Personale som jobbar i Skogatufto barnehage har høg fagleg kompetanse og erfaring. Me jobbar kontinuerleg med kompetanseheving og vidareutdanning av våre tilsette, samt har eit breidt tverrfagleg samarbeid med andre instansar for å saman med foreldre/føresette kunne legge til rette for ei best moleg utvikling for barna.

Lurer du på meir om oss? Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt og eventuelt avtale eit besøk. Har du ikkje høve til å besøke oss? Ring gjerne tlf: 53 40 33 80, så slår me av ein prat.

Om barnehagen

  • Opningstid er måndag til fredag kl 06.30. - 16.15
  • Me har 5 planleggingsdagar pr. bruksår. Desse ligg alltid på dagar der elevar i skulen og har fri.
  • Me føl nasjonale betalingssatsar. Finn prisar her

Telefonnummer til styrar: 534 03 380 / 975 52 185, e-post: hiro@stord.kommune.no

Avdelingane NB:minner om at fråvere mm. skal meldast via IST-direkte

Haugen: 468 01 702
Haugen: 468 01 459 
Flato: 468 25 829
Marihøno: 947 98 158

Organisering

Skogatufto er delt inn i 2 team og vidare delt inn i avdelingar.

  • På "team Tufto" er 3-5 åringane fordelt på avdelingane Haugen og Flato.
  • På "team Skogen" er 1-2 åringane fordelt på avdelingane Marihøno og Kråkereiret.

Avdelingane er i utgangspunkt sett saman aldershomogent, men me tilpassar og etter alder og modning. Det er gode høve til leik og venskap på tvers av alder og avdelingar gjennom dagane. Samarbeid på tvers er og med på å legge til rette for at barn og foreldre/føresette får høve til å utvikle kjennskap til heile personalgruppa, noko som opplevast å gje auka tryggleik.

Dagsrytme

Klokkeslett (cirka) Rytmen - kva skjer
Kl 06.30 Barnehagen opnar
Kl 08.30 Frukost
Kl 09.30 - 13.30 Gruppetid / kjernetid
Kl 11.30 - 13.30    Kviletid for dei minste (tilpassa)
Kl 11.00 - 12.00 Lunsj
Kl 16.15 Barnehagen stenger

Det er fint om barna kan vera på plass til seinast kl 08.45, og særleg på turdagar då me gjerne går allereide kl 09.00 - 09.30.

Måltid i barnehagen

For kostpengar kan alle barn få servert frukost, lunsj, mjølk og frukt i barnehagen dagleg. Måltida består av brødmat med ulikt pålegg, ulike typar gryn og jamleg innslag av varm-mat. Me tek omsyn til allergiar og særskilde behov og legg til rette for dei som treng det.

Pris:

  • kroner 300,- pr. mnd. for barn som har full plass
  • ​kroner 180,- for barn som går tre dagar i veka
rulling av rundstykker rundstykker ferdig barn jobber med fiskefile fiskemåltid ferdig

 

Samarbeid med Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter

Skogatufto barnehage har fast samarbeid med Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter. Samarbeidet er kalla "Livsmestring, helse og glede på tvers av generasjonar- eit samarbeid inn i framtida". Frå yngst i barnehagen til eldst på sjukeheimen / omsorgssenteret er planlagt aktivt med i samarbeidet. Hovudsakleg vil det vere barn og tilsette frå barnehagen som besøker dei eldre. Besøka vil innehalde litt song, litt spel, teikning ulike leikar og anna som kan engasjere både ung og eldre. Nokre gongar, og for nokon, vil sjølve besøket i seg sjølv vere aktivitet nok. Barnehagen har og høve til å disponere uteområde knytt til både omsorgssenter og sjukeheim med dei fasilitetar og element dei har å by på. Med jamne mellomrom er me og så heldig å få vere med på den "kulturelle spaserstokken" som finn stad på Kultuhuset. Her vert det felles song med musikk til, lunsj og sosial samhandlingmellom ung og eldre.

Desember 2019 vann barnehagen saman med sjukeheimen,omsorgssenteret og folkehelsekoordinator prisen for innovasjon og nytenking for samarbeidet.

barn og eldre teiknarbarn og eldre spelar ludo

 

 

logo miljøfyrtårn

Skogatufto barnehage er 1 av 5800 verksemder som er sertifisert som Miljøfyrtårn. Miljøfyrtårn er det sertifikat som i Noreg er mest brukt til dokumentering av innsats for miljø og ansvar for samfunn. Å bli del av Miljøfyrtårn har vært eit av våre mål i arbeid med berekraftig utvikling.

 

Me bidreg til utdanning av kompetent barnehagepersonale

Ved at Skogatufto barnehage er ein aktiv bidragsytar til utdanning av fagpersonell til barnehagane, er me i kontinuerleg samarbeid med blant anna HVL (Høgskulen på Vestlandet). Med dette er dei tilsette hos oss jamleg i kontakt med det siste innan barnehageforsking og utvikling på fagfeltet. Dette i tillegg til den kompetanseheving som jamleg finn stad for dei tilsette.

Som ein av Stord kommune sine barnehagar har Skogatufto barnehage årleg lærling innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingane har, stort sett, gått to år på Fitjar vidaregåande skule for så å gå i lære eit å i barnehage og eit år i grunnskule. Lærlingane er under jamleg vegleiing av fagutdanna instruktør i barnehagen og tek del i det daglege arbeidet i møte med både barn og foreldre.

Barnehagen har og fokus på jamleg kompetanseheving av eigne tilsette. Vidareutdanningar og lærande nettverk er jamt over innslag for deler av personale. I tillegg jobbar me kontinuerleg med å auka kompetansen i form av å tileigne oss kunnskap basert på nyare forskning relatert opp mot eigen praksis. Me jobbar gjerne med utgangspunkt i Udir (Utdanningsdirektoratet) sine program og deira opplegg for kompetanse som er særleg tilpassa barnehagar.

fagleg fordjupning personale

ulike lærestilar personale

Visjon og verdiar

Skogatufto sin visjon:

"Skogatufto barnehage er ein god stad å vera, leika og læra"

Skogatufto barnehage skal vere ein god stad å vera fordi her skal alle barn oppleve å vere inkluderte av alle barn og vaksne.

Skogatufto barnehage skal vere ein god stad å leika fordi her skal alle barna oppleve at leiken har eigenverdi og vert gjeve inspirasjon gjennom opplevingar, tid og rom.

Skogatufto barnehage skal vera ein god stad å læra fordi her skal alle barna få opplevingar og erfaringar som gjennom leik og tilrettelegging legg til rette for meistring og utvikling, individuelt og i gruppe.

 

Skogatufto sine verdiar

  • engasjement
  • respekt
  • tid
  • omsorg
  • positivitet

Skogatufto barnehage - ein god stad å leika og læra

 

Som tilsett i Skogatufto barnehage må me og forholda oss til Stord kommune sin Kultur- og verdiplakat

kultur- og verdiplakat