- Opningstid for barnehagen er måndag til fredag, klokka 06:30. - 16:15
- Barnehagen har ope heile året, med unntak av dei to siste vekene i juli og fem kurs-/planleggingsdagar. Planleggingsdagane ligg alltid på dagar der og grunnskulane har fri
- Barnehageåret begynner 15.august, noko som betyr:
- alle nye barn med rett til plass får ved hovudopptak (1.mars) tilbod om plass med oppstart frå 15.august og utover
- barna som går hos oss og skal begynne på skule i august, har plass fram mot skulestart
- Me føl nasjonale satsar for foreldrebetaling. Finn prisar her
- Alle måltid, med drikke og frukt, kan kjøpast i barnehagen til kostpris
Treng du kontakt med oss? Her er telefonnummera våre:
avdeling Haugen: 468 01 702
avdeling Haugen: 468 01 459
avdeling Flato: 468 25 829
avdeling Marihøno: 947 98 158
avdeling Kråkereiret: 468 05 729
styrar: 975 521 85
Om barnehagen
Frå barnehagen til Leirvik sentrum med sine fasilitetar, arbeidsplassar og kommuneadministrasjon, er det fem minutt å gå. Det er og god tilgang på buss i nærområdet. Barnehagen ligg i område med nærhet til Kværner og Eldøyane industriområde og det er kort avstand til Heiane handels- og næringsområde. Vikahaugane sportssenter er ein av våre næraste naboar.
Området barnehagen ligg i innbyr til gode turar i skogsområde som for eksempel Landåsen og Eventyrskogen. Det er og kort veg til turområde med tilgang til sjø og livet i fjæra. Barnehagen har eigen Lavvo, denne blir nytta som friluftsbase av barnehagen, samt er tilgjengeleg som nærmiljøtiltak for barnefamiliar og andre.
Barnehagen har el-sykkel som nyttast saman med både dei yngste og dei eldste barna. Med sykkelen kan me ta med små grupper til turmål og opplevingar lengre vekk frå barnehagen.
Personale som jobbar i Skogatufto barnehage har høg fagleg kompetanse og erfaring. Alle fast tilsette er utdanna barnehagelærarar, barne- og ungdomsarbeidarar eller har anna relevant pedagogisk utdanning. Me har eit breidt tverrfagleg samarbeid med andre instansar for å saman med foreldre/føresette kunne legge til rette for ei best moleg utvikling for barna.
Organisering
Skogatufto barnehage er delt inn i to team og vidare delt inn i avdelingar.
- På "team Tufto" er 3-5 åringane fordelt på avdelingane Haugen og Flato.
- På "team Skogen" er 1-2 åringane fordelt på avdelingane Marihøno og Kråkereiret.
Avdelingane er i utgangspunkt sett saman aldershomogent, men me har og høve til å tilpasse etter alder og modning. Det er gode høve til leik og venskap på tvers av alder og avdelingar gjennom dagane.
Måltid i barnehagen
For kostpengar kan alle barn få servert frukost, lunsj, mjølk og frukt i barnehagen dagleg. Måltida består av brødmat med ulikt pålegg, ulike typar gryn og jamleg innslag av varm-mat. Me tek omsyn til allergiar og særskilde behov og legg til rette for dei som treng det.
Pris:
- kroner 300,- pr. mnd. for barn som har full plass
- kroner 180,- for barn som går tre dagar i veka
![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
Samarbeid med Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter
Me er stolt av at Skogatufto barnehage har fast samarbeid med Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter. Samarbeidet er kalla "Livsmestring, helse og glede på tvers av generasjonar- eit samarbeid inn i framtida". Barn og tilsette frå barnehagen går jamleg på besøk til dei to institusjonane. Besøka vil innehalde litt song, litt spel, teikning ulike leikar og anna som kan engasjere både ung og eldre. Barnehagen har høve til å disponere uteområde knytt til både omsorgssenter og sjukeheim med dei fasiliteter og element dei har å by på.
Desember 2019 vann barnehagen saman med sjukeheimen, omsorgssenteret og folkehelsekoordinator prisen for innovasjon og nytenking for samarbeidet.
Skogatufto barnehage er 1 av 5800 verksemder som er sertifisert som Miljøfyrtårn. Miljøfyrtårn er det sertifikat som i Noreg er mest brukt til dokumentering av innsats for miljø og ansvar for samfunn. Å bli del av Miljøfyrtårn har vært eit av våre mål i arbeid med berekraftig utvikling.
Me bidreg til utdanning av kompetent barnehagepersonale
Ved at Skogatufto barnehage er ein aktiv bidragsytar til utdanning av fagpersonell til barnehagane, er me i kontinuerleg samarbeid med blant anna HVL (Høgskulen på Vestlandet). Med dette er dei tilsette hos oss jamleg i kontakt med det siste innan barnehageforsking og utvikling på fagfeltet. Dette i tillegg til den kompetanseheving som jamleg finn stad for dei tilsette.
Som ein av Stord kommune sine barnehagar har Skogatufto barnehage årleg lærling innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingane har, stort sett, gått to år på Fitjar vidaregåande skule for så å gå i lære eit å i barnehage og eit år i grunnskule. Lærlingane er under jamleg vegleiing av fagutdanna instruktør i barnehagen og tek del i det daglege arbeidet i møte med både barn og foreldre.
Barnehagen har og fokus på jamleg kompetanseheving av eigne tilsette. Vidareutdanningar og lærande nettverk er jamt over innslag for deler av personale. I tillegg jobbar me kontinuerleg med å auka kompetansen i form av å tileigne oss kunnskap basert på nyare forskning relatert opp mot eigen praksis. Me jobbar gjerne med utgangspunkt i Udir (Utdanningsdirektoratet) sine program og deira opplegg for kompetanse som er særleg tilpassa barnehagar.
![]() | ![]() |
Lurer du på meir om oss? Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt og eventuelt avtale eit besøk. Har du ikkje høve til å besøke oss? Ring gjerne styrar på telefonnummer 975 52 185, så slår me av ein prat. Du kan og sende e-post til styrar på hiro@stord.kommune.no
Visjon og verdiar
Skogatufto sin visjon:
"Skogatufto barnehage er ein god stad å vera, leika og læra"
Skogatufto barnehage skal vere ein god stad å vera fordi her skal alle barn oppleve å vere inkluderte av alle barn og vaksne.
Skogatufto barnehage skal vere ein god stad å leika fordi her skal alle barna oppleve at leiken har eigenverdi og vert gjeve inspirasjon gjennom opplevingar, tid og rom.
Skogatufto barnehage skal vera ein god stad å læra fordi her skal alle barna få opplevingar og erfaringar som gjennom leik og tilrettelegging legg til rette for meistring og utvikling, individuelt og i gruppe.
Skogatufto sine verdiar
- engasjement
- respekt
- tid
- omsorg
- positivitet
Som tilsett i Skogatufto barnehage må me og forholda oss til Stord kommune sin Kultur- og verdiplakat