Område som skal regulerast er på omlag 38 daa. Planavgrensinga er synt på kartet nedanfor.
For oversiktskart sjå planområdet i Stord kart
Kart som syner planavgrensing

Om planområdet

Planområdet inkluderer Skotabergvegen, delar av vegane Storasletto, Midthaugen, Flathaugane, Sandbrekko og Sponavikvegen, samt ein trasé mellom Sponavikvegen og Sandbrekko. Planområdet ligg i eit etablert bustadområde, og er i kommuneplanens arealdel 2010-2021 sett av til noverande bustadområde.

Føremål med planen

Føremålet med planen er å leggja til rette for opparbeiding av fortau og utbetring av vegar, samt utbetring av eksisterande gangkulvert mellom Sandbrekko og Sponavikvegen.
Det er planlagt for at gravearbeidet i området skal takast samstundes med at vass- og avlaupsanlegget i Skotabergvegen og Sponavikvegen skal sanerast og rehabiliterast. Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutredning etter plan- og bygningslova § 4-2.

Stord kommunalteknikk er forslagsstillar. COWI AS er konsulent for planarbeidet.

Gjeldande planar vert delvis oppheva:

  • R-015-000 Leirvik del IV, Teinevikjo-Djupavikjo
  • R-054-000 Midthaugen
  • 20090003 Almås Hotell

Referat frå oppstartsmøtet

Informasjonsmøte

Ope informasjonsmøte vert halde 20.juni kl. 17.00 i konferansesalen på Vikahaugen (adresse Stord Idrettspark, Vikahaugen 17, 5411 Stord).

Merknader

Spørsmål eller merknader til oppstart av planarbeidet skal sendast til:

COWI AS, Postboks 2422, 5824 Bergen, eller på e-post til aavk@cowi.com 
Merk oversendinga med referanse A112123. 
Kontaktperson Anja Vik, tlf. 45448769.

Merknadsfrist: Måndag 12.08.2019