Stord skal ha gode og likeverdige skuletilbod som fremjar helse, trivsel og utvikling for den einskilde og medverkar til berekraftige og attraktive nærmiljø. Kommunedelplan for skuleanlegg skal bidra til at denne målsettinga blir nådd.

Kommunane har ansvar for grunnskuleopplæringa og skal sørgja for tenlege grunnskular. Planlegging og utvikling av skuleanlegga må vera i samsvar med gjeldande og framtidige læreplanar. Skulestrukturen må gi rom for læringsarenaer med breitt utval av faglege aktivitetar med rom for tilpassa undervisning og tilrettelegging. Samstundes som ein skal sikra eit forsvarleg skuletilbod for elevane og best mogleg kvalitet innan gitte rammer, skal ein sikra godt arbeidsmiljø for dei tilsette og god utnytting av anlegga.

Kommunedelplan for skuleanlegg skal syta for ei planstyrt utvikling av skuleanlegga i Stord kommune. Planen er utarbeidd som ein kommunedelplan etter plan- og bygningslova § 11-1 og skal vera i samsvar med føresetnadane i kommuneplanen.

Plandokument

Skulebruksplan 2019 - 2027