Slektsbanken ligg på Stord folkebibliotek si heimeside, og er eit omfattande og nyttig hjelpemiddel for slektsgranskarar. Firmaet EY Skye har vert engasjert til å laga ein ny versjon som er lettare å søkje i. Ny versjon vert no gjort tilgjengeleg for vidare utprøving og innspel frå publikum.

Det er Hans- Magne Eikeland sin slektsbank for Sunnhordland og Hardanger, som no er oppdatert. Dette slektsmaterialet har opphavsmannen gitt som gåve til Stord for mange år sidan. Arbeidet tok Eikeland til med då han pensjonerte seg som professor ved Universitetet i Bergen i 1991. Han arbeidde fram til for 2-3 år sidan med ny versjon og oppdateringar av stoffet. Materialet består av anetavler (førslektslister) og stamtavler(etterslektslister).  Slektslistene tek ikkje med biografiske opplysningar om liv og lagnad til personane.  Materialet er gitt som gåve til Stord kommune ved folkebiblioteket.

Hans - Magne Eikeland var fødd i 1925, og er oppvaksen i Kyvik på Stord. Han døydde tidlegare i år. Han henta det meste av opplysningane sine frå bygdebøker og slektshistoriske bøker frå regionen vår. Han hadde også eit stort kontaktnett, og fekk mange opplysningar her.  Han gjorde ein stor og systematisk innsamlingsjobb, og hadde eit ynskje om at materialet skulle bli tilgjengeleg for så mange som råd.