Slektsgransking, også kalla genealogi, er søking i historisk kjeldemateriale etter forfedrane og etterkomarane til ein person eller ein familie.

Kjeldematerialet for slektsforsking i Noreg er ofte kyrkjebøker og folketeljingar. Det kan òg vera juridiske dokument (tinglysingar, dommar, matriklar m.v.) og lensmannsprotokollar, passasjerlister, skattelister, skular, helsevesenet, militærvesenet og munnlege overleveringar.

Dei aller fleste norske kommunar har bygdebøker, der du kan finna oppsett med opplysningar om kvart gardsbruk og folket som har budd der.

 

Bildet: Ole og Adina Sørli framfor huset sitt på Nordhuglo, ca 1950.