Influensa og pneumokokk

Tilbod om vaksine mot influensa og pneumokokkinfeksjon vert i Nyehallen på Vikahaugane torsdag 28. og fredag 29.10. Desse to vaksinane kan setjast samstundes. Meir informasjon om influensavaksine finn du her

Det er varsla ein tøffare influensasesong enn vanleg. Helsepersonell vert særskilt oppmoda om å ta vaksine for å bremsa smitteutbreiing til risikogrupper og dei som ikkje er vaksinerte.

Korona

Koronavaksineringa er no trappa ned, men det vert tilbod kvar fredag frå lokala i Leirvikstova, Bandadalsplassen 3.

Folk melder seg enno for første dose, og det er bra. Dei som enno ikkje har meldt seg, bør gjera det elektronisk ved å trykka her eller ringa Koronasenteret på telefon 53 49 66 66.

Det er elles i hovudsak dei som har rett til 3. dose grunna svekka immunforsvar som vert vaksinerte no. Oppfølging med dose 2 vert og` gjennomført. Tilbodet om oppfriskingsdose påverkar ikkje tilbodet til desse.

Oppfriskingsdose korona

Vaksinering med oppfriskingsdose til dei over 65 år startar først ut i november. Det vert nytta Pfizer vaksine til dette og leveringa kjem først då. Me startar med dei som fekk første dose tidlegast, på sjukeheim og i heimane. Intervallet mellom oppfriskingsdosen og 2. vaksinedose skal vera minst 6 månader.

Det kjem meir informasjon om tilbodet om oppfriskingdose etterkvart.

Intervall mellom vaksinar

Dei som skal ta vaksine mot influensa eller andre sjukdommar i tillegg til koronavaksine, må hugsa at det skal gå minst ei veke mellom koronavaksinen og dei ulike andre vaksinane.