Me vil understreka at det er viktig at gjeldande smittevernreglar med 10 døgn obligatorisk karantene vert overhalde. Det er og avgjerande viktig at arbeidarar som får påvist smitte, vert isolert på forsvarleg og god måte. Karantenehotell for vår region er definert til Flesland. Sjå nasjonale retningslinjer på regjeringen.no

Me vil også gjera merksam på at regjeringa 10.11.20 etablerte ei ny kompensasjonsordning for utgifter i samband med innleige av utanlandsk arbeidskraft Denne ordninga skal letta på dei utgiftene bedrifter må ta i den krevjande situasjonen me er i.

Dersom det er verksemder som ser behov for meir lokale ordningar, er Stord kommune open for at me lagar det. Det viktigaste framover er å hindra at smitte brer seg og råkar sårbare personar og grupper i samfunnet vårt.

Stord kommune og Stord Næringsråd stiller seg til disposisjon for å bidra som tilretteleggjar, og me vil be om at alle bedrifter som tek inn utanlandsk arbeidskraft no og i månadene framover, melder frå om dette til kommunen. Dette gjeld også bedrifter som bruker underleverandørar med utanlandsk arbeidskraft. Melding kan sendast til: post@stord.kommune.no

Stord kommune vurderer importsmitte i samband med innleige av utanlandsk arbeidskraft som ein av dei største risikoane for ytterlegare smittespreiing i lokalsamfunnet vårt. Det er difor viktig for kommunen å få ei oversikt over omfanget av innleige av utanlandsk arbeidskraft, og komma i dialog med dei bedriftene dette gjeld.

Me har alle eit ansvar for å hindra smittespreiing gjennom å følgja nasjonale og lokale påbod og oppmodingar.

Takk for at de alle er med på dugnaden!