Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stilles krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogeleg ha låge eller ingen kostnadar. Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom som er berørt av fattigdomsproblem. Saman med barn og ungdom inngår deira familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som inneber at:

  • barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar
  • barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktivitetar
  • barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem kan delta på alternative meistringsarenaer  

Søknad

Søknadsfristen for tilskotsåret 2020 er 13. desember 2019.

Søk tilskot i Bufdir sin søknadsportal

Les meir om tilskotsordninga på Bufdir si nettside.

Spørsmål til tilskotsordninga kan rettast til kommunen sin kontaktperson på tilskotsordninga; SLT-koordinator Bjarte Epland, e-post: bjarte.epland@stord.kommune.no eller tlf. 48153218.