Lovheimel

Den nasjonale ordninga for redusert foreldrebetaling i SFO er regulert i forskrift til opplæringslova kapittel 1 B. Nytt frå 1. august 2020.

 

Grunnlag for redusert foreldrebetaling

§ 1B-1. Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. og 2. årstrinn

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. og 2. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

a)

foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

 

b)

det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.

Betaling for kost kan komme i tillegg

 

Informasjon om sakshandsaming

  1. Ordninga med redusert foreldrebetaling er søknadsbasert, og det kan søkjast for eitt skuleår om gongen til kommunen der barnet er folkeregistrert

  2. Søknadsskjema og informasjon om redusert foreldrebetaling ligg på kommunen si heimeside.

  3. Stord kommune v/fagavdeling FOUT skal gje foreldre rettleiing om søknadsprosess.

  4. Søknad om redusert foreldrebetaling skal sendast til Stord kommune v/fagavdeling FOUT (fortrinnsvis elektronisk på kommunen si heimeside)

  5. Søknad vert handsama av rådgjevar ved oppvekst og utdanning på vegner av kommunalsjef. Sakshandsaming/klagerett er i tråd med krav i forvaltningslova § 27.

  6. Søkjar har rett til innsyn i dokumenta.

  7. Merk at før du har teke imot vedtak om redusert foreldrebetaling må alle fakturaer for SFO betalast innan frist som kjem fram av faktura.

  8. Om du har rett til tilbakebetaling, vil beløp verta avrekna ved seinare høve.

 

§ 1B-2. Søknadsbehandlinga til kommunen i saker om reduksjon av foreldrebetaling

Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt

 

Søknadsfrist

For søknadar mottekne før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Vert det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet.

Då ordninga er ny frå og med 1. august 2020, mange er ukjende med denne og kommunen ikkje har vore i stand til å handtera alle søknadar innan 1. august, er fristen for å søkja om redusert foreldrebetaling for SFO-året 2020/2021 sett til 1. oktober. Det inneber at søknadar som Stord kommune tek imot innan 1. oktober dette SFO-året, likevel vil få verknad frå og med 1. august.