Ein kan søkja om tilskot til følgjande:

  • Ordinære anlegg
  • Nærmiljøanlegg

Stønaden er i hovudregel 1/3 av godkjend kostnad for dei fleste ordinære anlegga. Nærmiljøanlegg kan få inntil 50% støtte, med ei øvre tilskotsgrense på 300.000,- kroner. Nedre tilskotsgrense er 25.000,- kroner.

Alle søknader skal no fremjast elektronisk, sjå nettsida www.idrettsanlegg.no. Her finn de og føresegnene som gjeld. Før de legg inn søknader, eller om de har spørsmål/treng meir informasjon, ta kontakt på straumpost sylve.rusten@stord.kommune.no eller telefon 534 96931.

NB! Gjer merksam på at alle som alt har inne søknader og må ta kontakt. Anlegg som er ferdige skal søkja med revidert rekneskap.

Søknader om spelemidlar for år 2021 (tildeling 2022) må vera Stord kommune i hende seinast 15.10.21.