Sommarjobb med kartlegging av universell utforming (ID 1402)

Fagavdeling næring, miljø og kultur har ledig sommarjobb for 1-2 studentar som skal kartlegge grad av universell utforming ute i Leirvik sentrum. Tidsperiode inntil 4 veker i juli-august.

Universell utforming handlar om at omgjevnadane skal vere tilgjengelege for alle. Kartlegginga er eit samarbeid mellom Kartverket og kommunane, og inngår i tiltaka for å nå det nasjonale målet om at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025.

Kartlegginga vil ha fokus på synshemma og rørslehemma, og vil gå føre seg i og rundt Leirvik sentrum.

Oppgåver:

  • Delta i dialogmøter med brukargrupper

  • Kartlegge utandørs tilgjenge ved bruk av digitale verktøy og oppmålingsutstyr. Opplæring vil bli gitt

Kvalifikasjonar:

  • Student i relevante fag t.d. ingeniør, arkitekt, byggfag, ergoterapi

  • Interesse/engasjement for universell utforming. Erfaring knytt til funksjonshemma sine utfordringar er ein fordel.

  • Evne til å arbeide sjølvstendig. God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne.

Løn etter utdanning og kvalifikasjonar og i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ønskjer å vera unnateken offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast.
Opplysingar om søkjar kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom  ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

For meir informasjon, kontakt Andreas Moe Larsen tlf.53496825 e-post: andreas.moe.larsen@stord.kommune.no

Søknadsfrist: 28.05.18

Søk på stilling