Det er komen inn 26 søknadar og det er vert det søkt om 37 459 000 kroner til saman i spelemidlar frå Stord. Alle anlegg det vert søkt midlar for må vera førehandsgodkjende som idrettsanlegg. Dette vert godkjend i kommunen. Søknadane vert sendt samla frå Stord kommune til Hordaland fylkeskommune, som igjen sender dei til Kulturdepartementet for avgjersle. 

Her kan du sjå oversikt over søkjarane. Søkjarane får brev om tilsagn eller avslag i juni/juli månad.

Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal medverke til ein infrastruktur som gjev folk høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten.

Spelemidlar til anlegg i Hordaland i 2018 var på vel 132 millionar. Desse midlane kjem frå Norsk Tipping sitt overskot og blir fordelt til fylka frå Kulturdepartement på bakgrunn av fastlagte kriteria.