Samstundes pågår det arbeid frå Fagne si side med omlegging av høgspent, som går i luftstrekk langs skuletomta i aust, til jordkabel. Fagne oppgraderer både distribusjonsnettkablar og fiberrør som då blir lagt frå trafostasjonen og opp heile gangvegen. Dei fornyar samstundes kabel som går ned til Bandadalen.

Stien ned langs trafostasjonen har no vore stengt i ein periode medan Fagne utfører arbeid der. Denne perioden vil vare ca ut mars månad, så skal stien oppgraderast og sykkel sperre monterast i den nedre delen mot fylkesvegen. 

 

Planen er at frå medio april vil ein opne ein oppgradert gangsti mellom Bandadalen og Vikastemmo på austsida av trafostasjon.