Innovasjon Norge har fått nye retningsliner frå og med 2021 innan Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Det er no opning for at IN kan gje stønad til varmepumper og solcelleanlegg under ordninga Fornybar energi i landbruket. I 2022 er den nasjonale ramma for Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket på 107 mill.

Grunnen til at Innovasjon Norge no også støttar reine solcelleanlegg er at landbruket i større grad må ta aktivt grep for å redusere klimaavtrykket i matproduksjonen. Solcellene har dessutan vorte billegare og meir effektive dei siste 5 – 10 åra. Dei kan difor gje stønad til kortreist energiproduksjon, dvs energi som blir brukt på gardsbruket.

Finansiering av stønad til solenergi kjem inn under det vi kallar gardsanlegg med næringsformål. Eit krav her er mellom anna at det er aktiv landbruksdrift på garden, samt eit forbruk på minimum 25 000 KWh i næringssamanheng.

Informasjon til søkjarar

Sjekk forbruk av straum frå 1. april til ca 1. oktober, dette er den perioden solcellene produserer 70-80 % av straumen. Ein føresetnad frå Innovasjon Norge er at du bør bruka det aller meste av straumen (70 – 90 %) sjølv for å sleppa å sende straumen ut på nettet. Grunn til dette er at det som går ut på nettet blir betalt med spotpris (gjennomsnitt siste 5 år = ca 20 – 25 øre / kWh.

Tips: Dersom du vurderer solceller bør du få leverandøren til å lage simuleringsrapport som viser kor stor del av den produserte solcelleenergien du kan utnytte sjølv.  

Søk

Til Innovasjon Norge til heimeside og søknadsskjema

Inne på nettsida kan du trykka på dette bildet:

  1. Utklipp fra søkjeknapp på Innovasjon NOrge si nettside
  2. Trykk på Bank-id og «Min Side»
  3. Fortsett og fyll ut info om organisasjonsnummer mm.

Inne på skjemaet for bioenergi søkjer du på Gardsvarmeanlegg i næring. I 2022 vil dei normalt løyve inntil 25 % stønad. 

Dersom du tenkjer søkja stønad er det fint om du til søknaden legg ved totaltilbodet frå leverandør samt dokumentasjon på kraftforbruk i perioden 1.4.- 1.10., pluss evt framtidig kraftbehov.

Legg også ved næringsoppgåve for siste år samt skattemelding for evt begge ektefeller / sambuarar.

Søknad om stønad kan sendast inn frå 1. november 2021, og blir handsama på nyåret 2022. Søknaden må sendast før du investerer, og pga stor pågang tilrår Innovasjon Norge at det blir søkt seinast februar 2022.

Oversikt over aktuelle solcelleleverandørar i Vestland og Rogaland (det finst heilt sikkert fleire):

  1. Norsk solenergiforening
  2. Solbære AS
  3. Solcellespesialisten
  4. Otovo Solar
  5. Solcellekraft AS 
  6. Kverneland Energi
  7. Haugalandet Kraft
  8. BlueTec Vest AS