Stord kommune vil gjennomføra planlagde investeringar så langt det let seg gjera. 20 prosjekt til ein verdi av over ein halv milliard kroner vil i all hovudsak verta lagt ut på anbod eller starta opp før sommaren. Ny Nysæter ungdomsskule med kultur og idrettsdel er den største, men der det også blant anna ligg mange viktige prosjekt innanfor vatn og avlaup. Den nye djupvasskaia på Eldøyane er anslått å kosta 50 mill. kroner. Liste over prosjekta finn ein nedst i meldinga.

- Me er glade for at Stord kommune på denne måten bidreg til at aktiviteten innan byggebransjen og tilknytta fag vert halde oppe i ei krevjande tid for mange verksemder, seier ordførar Jakob Bjelland.

- Anne-Grete SandtorvStord Næringsråd meiner det er viktig å ha ein tett dialog med kommunen i denne krevjande koronasituasjonen for næringslivet. Det er stor uvisse hos dei næringsdrivande for konsekvensar på kort og lang sikt, og framleis uvisse knytt til tiltakspakkar for dei som er hardast råka. Me er glade for at Stord kommune bidreg med sine store investeringar ut mot eit næringsliv med ordretørke seier Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd. Og ikkje minst for å synleggjere det offentlege si rolle som oppdragsgjevar, og at me skal komma gjennom dette saman seier Sandtorv.

Atheno som blant anna har ansvar for førstelineteneste for nyetablerarar melder om auka pågong frå bedrifter som opplever situasjonen som krevjande, og som ynskjer rådgjeving knytt til situasjonen. Stord kommune og Atheno er samde om at ressursar vil bli stilt til rådvelde for at alle som treng bistand skal bli møtt av kompetente rådgjevarar.

- Astrid Kjellevold frå AthenoAtheno arbeidar jo no med både små og store verksemdene i regionen, og me ser at det er mange ulike utfordringar som oppstår. Det å arbeida med å både kartleggja konsekvensar, henta innspel og vera målretta i å iverksetta tiltak er avgjerande. Og det at Stord kommune tek ei aktiv rolle i dette er bra. Me må saman bidra for å sikra og styrka situasjonen til næringsliv i ein krevjande situasjon, både no og framover, seier Astrid Kjellevold

Dei store pengane for å få i gong næringslivet etter Corona-dugnaden må koma frå nasjonalt hald, men kommunen er oppteken av å bidra der det er mogleg.  Difor vil Stord kommune visa forståing for verksemder og privatpersonar som søker om betalingsutsetjing frå kommunale avgifter.

Kommunen tek sikte på å gjennomføra politiske møter som planlagt i tida framover, for blant anna å sikra at viktige avgjerder ikkje stoggar opp, som t.d. godkjenning av reguleringsplanar og byggesaker.
 

Partia som stod bak budsjett-semja for 2020,  Ap, Sp, Krf, Frp og Høgre, har god dialog der konstruktive framlegg som kan betra situasjonen for verksemder og privatpersonar vert løfta opp. Me held tett kontakt med sentrale politikarar i regjering og storting for å sikra at tiltakspakkane inneheld midlar/prosjekt som er gode for vår kommune.

Ved spørsmål, kontakt:

Jakob Bjelland, fungerande ordførar, 97 55 61 75

Anne Grete Sandtorv, dagleg leiar Stord Næringsråd, 901 45 458

Astrid Kjellevold, dagleg leiar Atheno, 452 89 928

Prosjekt

Stord kommunalteknikk har dei siste vekene drøfta tiltak retta mot snarleg oppstart og gjennomføring av investeringar / prosjekt innan for veg, vatn og avløpsanlegg.

Her er oversikt over status og planlagt / mogleg framdrift:

Prosjekt

Status

Venta anleggstart

Venta sluttdato

Litlabøvegen – vassleidning og gangveg Entreprenør kontrahert April 2020 Desember 2020
Sponavikjo / Sponavikdalen - Rehab. veg og VA Anbodopning i dag, ​30.03.2020 Juni 2020 Sommar 2021
Prestegardshavet – rehab. vassleidning 800 m Anbod på Doffin i løpet av april 2020 Juni 2020 Desember 2020
Sveinslio rehabilitering VA Anbod på Doffin i løpet av april 2020 Juni / juli 2020 Vår/sommar 2021
Rindane rehabilitering VA Anbod på Doffin i løpet av april 2020 Juni / juli 2020 Vår/sommar 2021
Heiane AP – fjerning AP / Sigevassleidning Anbod på Doffin i løpet av mai 2020 Juli / august 2020 Vår 2021
Tysevegen rehablitering VA Anbod eller rammeavtale Mai 2020 Vår 2021
Borggata Nord – Rehab. VVA. Samarbeid Statens Vegvesen Anbod på Doffin i løpet av mai 2020 Juli / august 2020 Sommar 2021
Pumpestasjonar Sagvåg Entreprenør kontrahert, produksjonsfase Har starta Produksjonsfase Desember 2020
Teinevikjo – Brattestø Rehabilitering VA - 100 m Anbod i Doffin i løpet av juni 2020 August / september 2010 Desember 2020
Andre mindre veg og VA Fortløpande Kontinuerleg Kontinuerleg

 

Føresetnaden for oppgitt oppstart er at Eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO) har kapasitet til å handsame søknad om igangsettingsløyve / byggjeløyve utan ugrunna opphald, og at alle rehabiliteringsprosjekt vert godkjent utan tidkrevjande og byråkratiske prosessar.

 

Her er ei liste over prosjekt som Stord kommunale eigedom (SKE) skal ha ut i løpet av 2020. Som de ser er det mykje positivt som skjer framover.

Prosjekt

Status

Nysæter ungdomsskule Er ute på anbod 
Sævarhagen avlastningsbustader Blir lagt ut på anbod i august
2 stk. nye einebustadar Vert lagt ut på anbod i juni
3 stk. småhus Vert lagt ut på anbod i juni
Rehabilitering sjukeheimen Vert lagt ut på anbod i mai
Tunet burettslag – ny personalbase Vert lagt ut på anbod i juni
Langeland skule – ny gymsal Vert lagt ut på anbod i september/oktober
Rådhuset Har vore ute på anbod
Kai eldøyane  Vert lagt ut på anbod mai/juni

Stipulert kostnad totalt for alle prosjekt kr. 497 mill. når det gjeld SKE.

 

Bilete i artikkel: øvst: Anne Grete Sandtorv, Stord næringsråd og nedst Astrid Kjellevold frå Atheno.