Smittevernkontrollen vil bli utført i tillegg til vanleg alkoholkontroll ved skjenkestadane.

Serveringsstader, som restaurant, kafe, pub og utestadar kan halda ope dersom drifta er smittevernfagleg forsvarleg, jf. § 14a Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbrotet.

Kontrollørane vil sjekka at gjeldane smittevernreglar vert fulgt opp av skjenkestadene. For tida gjeld dette 1 meters regelen, handdesinfeksjon, bordservering og sitteplassar. Det vert også sjekka at skjenkestaden har hengt opp informasjon som minnar gjestene om smittevernreglane som gjeld.

Kontrollørane fyller ut eit kontrollskjema for kvar kontroll, som vert sendt til kommunen. Ser kontrollørane brot vert det skrive tilleggsrapport.