Nesten 1,8 millionar nordmenn brukar i dag digital postkasse og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Men potensialet for bruk av digital post er vesentleg større. I Stord kommune er det i dag 5 539 innbyggjarar som har teke i bruk digital postkasse. 

Gjennomfører kampanje

Det går mykje ressursar til papirpost. Difor set kommune i gang ein kampanje for å få fleire til å velje vekk papir. I løpet av dei næraste dagane vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ei oppmoding frå kommunen om å gjere dette.

- I 2017 brukte me omlag 700 000 kroner på porto. Dette er ressursar og pengar me gjerne skulle brukt til andre føremål. Målet vårt er at flest mogleg innbyggjarar går over til digital postkasse slik at me sparar desse ressursane og ikkje minst miljøet, seier rådmann Magnus Mjør.

Praktisk for innbyggjarane

Rådmannen meiner og at mange vil finna digital postkasse praktisk.

- Det går mykje kjappare når breva går direkte i den digitale postkassen. Dei heile er raskt, sikkert og enkelt. Eg vonar flest mogleg vil bruka dei få minutta det tek å oppretta ei digital postkasse. Dei som har spørsmål må gjerne kontakta kommunen, me hjelper gjerne til, seier Mjør.

Slik skaffar du deg digital postkasse: Gå inn på norge.no

  • Vel «Digital postkasse»
  • Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
  • Vel enten Digipost eller e-Boks

Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse.