Ifølgje Kommunal Rapport viser rangeringa kva kommunar som driv best og som andre kommunar har mest å læra av.

- Dette er ei flott plassering og eit solid byks i forhold til fjoråret, seier rådmann Magnus Mjør. Særleg stas er det at pleie- og omsorgstenestene våre vert rangert på sjuande plass. Her vert me mellom kreditert for tilpassa rom på sjukeheimane og dekning på ergoterapi, geriatrisk sjukepleiar og brukarstyrt personleg assistent.

Også den andre store sektoren, grunnskulen, får ei god rangering. Stord-skulen kjem 122 plass, mellom anna på grunn av godt kvalifiserte lærarar.

- Dette er ei veldig kjekk tilbakemelding å få og vitnar om at det vert jobba godt både politisk, administrativt og ikkje minst ute i kommuneorganisasjonen. Dette motiverer til vidare innsats for utvikling av kommunen til det beste for innbyggjarane våre, seier ordførar Gaute S. Epland.

Stord er 73. beste kommunen i landet på sakshandsaming. Kommunen skårar godt på sakshandsamingstid, men høge sakshandsamingsgebyr trekker ned. Det er positive trekk ved kommuneøkonomien, utviklinga i disposisjonsfond og renteeksponert gjeld trekker opp. Den høge lånegjelda og ditto kapitalkostnader trekker likevel ned slik at kommunen kjem vert nr. 320 på økonomi. Kostnadsnivået er relativt lågt, først og fremst innanfor administrasjon, skule, barnehage og kommunehelsetenesta. Berre 21 kommunar brukar mindre ressursar på administrasjon enn Stord.

Her kan du lesa heile Kommunebarometer rapporten i pdf

Nedanfor ser du utsnitt av Kommunebarometeret som gjeld Stord kommune:

Kommunebarometeret 202 - figur