I ei samanlikning av byråkratibyrda i alle dei 430 kommunane i landet kjem Stord på 97. plass. Det gir ein tredjeplass i Hordaland, berre forbigått av Bergen og Bømlo.

Generelt syner oversikten at dei minste kommunane brukar ein større del av tilgjengelege ressursar på administrasjon og politisk styring enn større kommunar. Kvaliteten på administrasjonstenester er ikkje vurdert i denne oversikten.

Dei fem variablane som er inkludert i Kommunenes ByråkratiBarometer 2011 er:

  • Lønskostnader til administrasjon per innbyggjar
  • Andel netto driftsutgifter i kommunen til administrasjon, styring og fellesutgifter
  • Avtalte årsverk innan administrasjon, i prosent av innbyggjartallet 
  • Andel av samla kommunale årsverk avtalt innan administrasjon
  • Lønskostnader til politisk styring per innbyggjar

Resultat for Stord kommune

Løn til adm. per innbyggjar: 1977 kr.
Driftsutgifter adm, styring, fellesutgifter:  6.2 %
Årsverk i adm. i prosent av innbyggjartal: 1.37 %
Kommunale årsverk i adm.: 15.4 %
Løn politisk per innbyggjar: 153 kr.

Gå til Kommunenes ByråkratiBarometer 2011