Arbeid med ny arealdel

Revidert planprogram vart vedteke av Stord kommunestyre i møte 21. juni 2022 lenke til saksprotokoll. Planprogrammet kan lesast her

Planprogrammet gjer greie for korleis arbeidet med kommuneplanen sin arealdel skal gjennomførast. Mellom anna seier planprogrammet kven som skal involverast i arbeidet og kva for tema som skal ha særskilt merksemd. 

Saksdokument kan lesast her

Innspel til ny arealdel

I perioden 09.01.2023 - 31.03.2023 var det høve til å komma med innspel til planen. Innspelsperioden er over, nye forslag blir derfor ikkje vurdert i planarbeidet. Når planframlegget kjem på høyring, vil det bli høve til å komme med uttale om planen ikkje er i tråd med det ein ønskjer. Førstegongs høyring er planlagt våren 2024. Innspela som kom inn er offentleg tilgjengelege og arkivert i kommunen sitt arkivsystem. Generelle innspel vil bli samla i eit innspelsdokument som blir journalført i plansaka

Medverknad - møteplassar

For at planen skal bli god, må ulike meiningar og ønsker komma fram, derfor inviterte me til ulike innspels- og folkemøte:

Folkemøte

  • 13. februar 2023 klokka 18 i Kulturhuset, småsalen 
  • 23. Mars 2023 klokka 17 på Nysæter ungdomskule 
  • Ope for alle 

Etter folkemøta var det kafédialog med kaffistund, der dei frammøtte fekk seia si meining om korleis me kan nytta areala i kommunen. 

Planfagleg innspelsmøte 

  • 13. Februar klokka 0930-1130, i Kulturhuset, småsalen  
  • For inviterte konsulentar 

Bransjemøte, byggebransjen 

Regulering, byggesak og oppmåling (RBO) arrangerer bransjemøter med byggebransjen to gonger i året, tema denne gong er kommuneplanen.  

  • 13. Februar klokka 1130, i Kulturhuset, småsalen   
  • For næringsdrivande innan bygg og prosjektering, elektro- og andre fag  

Foreldremøte 

  • 14. Februar klokka 1730, i Kulturhuset, møterom Vikjo 
  • For FAU representantar frå skular og barnehagar   

Bøndenes innspelsmøte med Stord og Fitjar landbruks og miljøkontor 

  • 15. Februar klokka 17 i Kulturhuset 
  • For Bondelaga  

ByLab   

  • 13– 17. februar 2023 klokka 09 – 19, Kulturhuset, foajeen 
  • Huglo skulehus 6. mars klokka 1630 - 1830  
  • Nordbygdo ungdomsskule 13. mars klokka 15-17  
  • Ope for alle    

ByLab er ein uformell, midlertidig møteplass for presentasjon, dialog, innspel og diskusjonar. Her kunne ein få hjelp til å komma med innspel, og møta tilsette frå fagkontor plan, eining for kultur (tysdag 14.2). Stord og Fitjar landbruks og miljøkontor (onsdag 15.2), og tekniske tenestar (torsdag 16.2).  

Digital møteplass:  

Det er oppretta ein digital møteplass, lenke finner du på kommunen sine heimesider. Her kan du lesa om planarbeidet og få oversikt over det som skjer.   Lenke til den digitale møteplassen ligg herStord kommune (smartbyene.no) 

Innbyggjarpanel

Kommunestyre vedtok 19.09.2019 å peika ut eit innbyggjarpanel, dette skal følgja arbeidet med kommuneplanen, og koma med innspel undervegs. Deltakarar i innbyggjarpanelet vil få vera med på ein spennande og viktig prosess for kommunen. 

-Les protokoll frå kommunestyret om innbyggjarpanel her

Sagvåg og Litlabø

Det blei utarbeida eit forslag til kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø, etter høyring og offentleg ettersyn vart denne ikkje vedtatt. Kommunestyret meinte det er gjort mykje godt arbeid med planen, og la til grunn at dette vert brukt som underlag til arealdelen av den kommande kommuneplanen. Dette planområdet vert derfor fullt inkludert i arbeidet med ny arealdel. Saksprotokoll frå kommunestyret kan lesast her . Saksdokumenta kan du lese her