Jamfør rammeplanen skal barna ha moglegheit til å utrykkje både kjensler, tankar, meiningar erfaringar og opplevingar.

Av ulike grunnar kan barn ha vanskar med å kommuniser med talespråket. Då er ASK (Alternativ Supplerande Kommunikasjon) ei god støtte for nokon, og heilt avgjerande for andre. Sjølv om barnet ikkje har språkvanskar kan ASK fungere som ei støtte til talespråket.

I dei kommunale barnehagane, Trodlahaugen, Furuly, Skogatufto, Sagvåg med avdelingane Tjødnalio og Nysæter, nyttar me ASK systematisk ved bruk av tematavler og symbolbøker som ein del av det pedagogiske opplegget. No har me kjøpt inn store tematavler til bruk ute. Slik kan barna kommunisere sine ønskjer og behov i leiken ute uavhengig av kva språk ein nyttar.