Dei nasjonale retningslinene som kom i dag er blitt strengare når det gjeld sosialt liv og kontakt. Dei nye retningslinene finn du på regjeringen.no

Kommunen sine oppmodingar finn du her

Kriseleiinga vil på det sterkaste oppmoda om å følgja tiltaka som gjeld avstand, hoste-/hygienerutinar, og å vera heime ved minste teikn til luftvegssymptom. Dette er særleg viktig no gjennom helga og komande veke.

Tenk særleg på å halda avstand:

  • Minst 2 meter, der det er mogleg, ute og inne.
  • Gå ut av situasjonar der ein meter avstand til andre er vanskeleg å halda, om du ikkje har munnbind

Det er god kapasitet på koronasenteret gjennom helga. Me oppmodar om at innbyggjarane tek test ved luftvegssymtom.

Kommunen vurderer situasjonen fortløpande. Ytterlegare lokale tiltak vil bli vurdert før helga.

Kriseleiinga i Stord kommune.