Statsforvaltaren i Vestland startar verneprosess for to område i Stord kommune, der me finn sjeldan og verdifull natur knytt til naturbeitemark og gruntvassområde. Dette er ein del av det nasjonale oppdraget deira på supplerande vern i Vestland. 

Det samla arealet er på om lag 280 dekar og består av svært viktig og trua natur knytt til naturbeitemark gruntvassområde.

Verneframlegget er ein del av det nasjonale oppdraget «Bevaring av verdifull natur» som omfattar oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 mindre område i Vestland. To av desse områda er på Stord, og dei sender ut separate oppstartsbrev på desse områda.

Føremålet med vern av områda vil vere å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur jf naturmangfaldlova § 37 a.

Sjå kartskisser og les meir om dei ulike trua områda dei ønskjer å bevara | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

Ope informasjonsmøte

I samband med start av vernearbeidet inviterer statsforvaltaren til ope informasjonsmøte tysdag 5. mars kl 18 på Samhald på Rommetveit.

Dei ønskjer å informere om bakgrunnen for kvifor dei ønskjer å verna områda, og kva eit vern vil innebera for bruken vidare. Dei håpar også å få tips og informasjon frå lokalkjente om det er interesser og brukarar dei bør gå i nærare dialog med.