Takseringa omfattar bustadar, fritidsbygg, næringsbygg og frådelte tomtar.

Ved taksering av bustadar og fritidsbygg vert det berre nytta utvendig synfaring.

Dei skatteytarane som ynskjer å vera til stades under takseringa må gje skriftleg tilbakemelding til eigedomsskattekontoret innan 25. november.

Kontakt:

eskatt@stord.kommune.no

eller per brev til:
Stord kommune, rådhuset
Eigedomsskattekontoret
Postboks 304
5402 Stord

Meldinga må innehalda gardsnummer, bruksnummer, adresse og telefonnummer til skatteytar.