Stordsamfunnet er i ferd med å gå over til ein normalisert kvardag når det gjeld pandemien. Kommunen finn det ikkje føremålstenleg å halda fram med å leggja ut informasjon kring kvart einskild smittetilfelle eller kor mange som testar seg kvar veke.

I tilfelle lokale smitteoppblomstringar framover, vil det koma særskild informasjon frå Koronasenteret.