I veke 46, 12.- 16. november, arrangerte Hystad skule den årlege Temaveka - for 37. gong! Mottoet var det same som før: "BARN HJELPER BARN", og også dette året bidrar med skulegong og oppfølging av fattige barn i Tanzania.

Me samarbeider med organisasjonen Kiwakukki (lokal organisasjon i Moshi).
Organisasjonen Kiwakkuki har vore den næraste støttespelaren vår gjennom mange prosjekt. Denne organisasjonen har den lokale kunnskapen som er naudsynt for å følgja opp prosjekta frå Temaveka.

Me hjelper også denne gongen elevane på Mabungo Primary School i Moshi, ein skule med 342 elevar og 22 lærarar.

Skulen er statleg, og i prinsippet gratis, men elevane må betala for skulemat, uniformer og skulesaker sjølve. Skulen har ein motivert rektor som tar imot gjester i påskeferien, og har open skule for elevar som vil gjera lekser på eige initiativ.
I fjor fekk skulen nye lærebøker, nye pultar, nokre klasserom fekk nye golv, tak på bygningar vart
heva og vindaugo vart installerte. Det er framleis stort behov for hjelp, og i år kjem me til å prioritera det tekniske: PC-ar, kopimaskin, prosjektor, internett og fleire vindaugo i klasserom og i kontorbygg for lærarar. Det blir truleg også rom for å kjøpa endå fleire lærebøker.

Gro og Pål var på besøk der i påskeferien, og dei melder tilbake at dei pengane me samla inn i fjor, har kome fram og blitt brukt rett. Bidraget frå Hystad skule gjer at også kvaliteten på undervisninga blir betre. 

Med venleg helsing,

Liv Skjønberg
Rektor, Hystad skule