Kinoframsyning

Denne veka har me hatt ekstra fokus på Anne-Cath Vestly. Elevane har fått høyra om forfattarskapet hennar, dei har lese utdrag frå bøker og sett utdrag av filmar. 2. trinnet har òg laga Knertenfigurar. Bilete av dei finn du nede på sida.

I dag var det kinoframsyning for 1. - 4. trinn. Elevane stilte seg fint opp i klasserommet sitt og fekk billett med seg til kinorommet. Då dei kom til kinorommet vart billetten veksla inn i ein pose med popcorn. Så fann dei plassene sine og fekk sjå film om Knerten.