Fosterheim og besøksheim
Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste Bømlo, Fitjar og Stord har ansvar for at barn som treng fosterheim skal få ein god heim å bu i,eller ein besøksheim som er trygg.

KORT FORTALT
- Fosterheim er ein privat heim som tar vare på barn som ikkje kan bu hos foreldra sine. Fosterforeldra har det daglege omsorgsansvaret.
- Fosterforeldre samarbeidar med barneverntenesta i kommunen, og i dei fleste tilfella med barnet sin familie, om barnet sine behov og barnet si framtid.
- Les meir på Bufdir.no om du eller dykk ønskjer å bli fosterforeldre Lenke til et annet nettsted.
- Fosterheim på Stord | Bufdir Lenke til et annet nettsted.
Slik er det å vera fosterheim i Bømlo, Fitjar og Stord
Som fosterheim i kommunane våre vil dykk få tett og trygg oppfølging. De får ein fast kontaktperson som kjem på besøk minimum 4 gangar i året og oftare ved behov. Tema for besøka er barnet sin situasjon og kva støtte fosterheimen treng. Kontaktpersonen tek og initiativ til, og deltek på, samarbeidsmøte og har kontakt med andre instansar ved behov.
Me er opptatt av å gi fosterheimane våre ein god start, og derfor får alle rettleiing for å sikra barnet sin stabilitet samt ivareta fosterheimen sine individuelle behov. Rettleiing kan og gjevast i gruppe saman med andre fosterforeldre for eksempel tuning into teens, traumebasert omsorg, trygg base, med meir.
Me er også tilgjengelege for dykk utanom besøka, og fosterheimane våre kan alltid ringa oss, med spørsmål, dilemma eller problemstillingar. Me har tru på dialog og involvering og jobbar med å skapa eit godt samarbeid mellom foreldre og fosterforeldre.
Fosterheimen sine eigne barn
Fosterheimen sine eigne barn blir også teikne på alvor. Dei får delta i samtalar med sakshandsamar og seia meininga si. Fosterforeldre får rettleiing i vanlege utfordringar som kan oppstå mellom eigne barn og fosterbarn. Kvart år får biologiske barn tilbod om kurs gjennom BUFetat, der dei møter andre i same situasjon.
Godtgjering
Grunnstønad
Alle fosterheimar vert innvilga grunnstønad tilsvarande 1KS sats i arbeidsgodtgjering, samt utgiftsdeking i tråd med alder etter KS sine satsar. I tillegg vil fosterheimen motta barnetrygd slik du får for eigne barn.
På KS sine heimesider finn du gjeldande satsar:Veiledende satser for fosterhjem og besøkshjem 2025 - Hjem Lenke til et annet nettsted.
Ekstrautgifter
Barneverntenesta dekker ekstrautgifter til for eksempel briller, tannhelse, helsetenester, dåp, konfirmasjon m.m.
Pensjon
Fosterforeldre får kompensasjon for manglande opptening av tenestepensjon ved frikjøp. Fosterforeldre får eit fast tillegg pr månad, tilsvarande 5 % av avtalt frikjøpssum. Tillegget er skattepliktig og vert utbetalt som løn. Fosterforelder bestemmer sjølve korleis dei vil nytte godtgjeringa. Det er ikkje krav om at godtgjeringa blir brukt til pensjonssparing.
Frikjøp
Nokre gonger blir fosterforeldre frikjøpt frå jobben sin for å kunne vera fosterheim på heiltid. Ein kan bli frikjøpt frå heile eller delar av stillinga, ut i frå kva behov barnet og familien har. Dette er i hovudsak gjeldande det første året, og kan sidestillast med ein type foreldrepermisjon for å skapa tryggleik og tilknyting til ein ny heim. I særskilde tilfeller kan frikjøp (heilt eller delvis) videreførast også etter første plasseringsår. Det betyr at barnevernstenesta betalar for tapt inntekt, opptil eit rettleiande tak på 6G i året. Som fosterheim har ein rett på permisjon inntil 3 år utan lønn frå jobben sin, når fosterbarnet er under 15 år.
Til deg som er ufør
Det er mogleg å bli fosterheim sjølv om du er uføretrygda. Det er viktig med dialog med NAV om det. Dersom du er uføretrygda og fosterforelder, vil NAV gjera ei avkorting av yting, fordi grunnstøtta er høgare enn kva ein har høve til å tene som ufør.
Besøksheim
Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste har og behov for besøksheimar til barn i kommunane våre.
Som besøksheim opnar du heimen din for eit barn eller eit søskenpar - kanskje ei helg i månaden, ein dag i veka eller i feriar. Du gir barnet tryggleik, glede og gode opplevingar.
Oppfølging av besøksheimar
- Før du startar, kjem ein kontaktperson heim til deg for å bli kjent og snakka om kva det inneber å vera besøksheim.
- Blir de einige, lagar de ei avtale for eitt år om gongen.
- Kvar familie og kvart barn er unike, og me tilpassar oppfølginga etter kva de har behov for.
Kompensasjon for besøksheimar
Du får godtgjersle per døgn, og eit tillegg for å dekke utgifter. Det er viktig å levera timeliste for arbeidet. Veiledende satser for fosterhjem og besøkshjem 2025 - Hjem Lenke til et annet nettsted.
