Strykeinstrument

Fiolin, bratsj, cello og kontrabass

Undervisninga i strykeinstrument er i smågrupper eller individuelt. Undervisninga er i Stord kulturhus.

Kulturskulen har strykeinstrument til utleige.

Anbefalt aldersgrense på fiolin og cello er 7 år/1. klasse. På bratsj og kontrabass bør du vera litt eldre. Kulturskulen har eit par kontrabassar til utleige for yngre elevar som ynskjer å prøve dette. Desse instrumenta høver for elevar frå 8 år og oppover.

Instrumentalundervisinig  legg vekt på å utvikle eleven sine kreative evner, handverksmessig og kunstnerisk kompetanse og samarbeidsevne. Undervisninga er basert på langsiktig arbeid, progresjon og systematisk øving.

 

Kulturskulen tilbyr også orkester for elevar på strykeinstrument.

Priser


Elevavgift:Pris i kr
Instrumental-vokalundervisning, individuelt og i mindre grupper4 600
Undervisning i større grupper(dans, visuelle kunstfag, teater, parkour m.m)3 900
Instrumentleige750
Dirigenttimar til skulekorps24 000
Søskenmoderasjon (reduksjon i elevavgifta) for barn/aktivitet 220%
Søskenmoderasjon (reduksjon i elevavgifta) for barn/aktivitet 3 eller fleire40%

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?