Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta ved Stord ungdomsskule

Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar og skulelege, og er eit lovpålagt tilbod.

Det er eit lågterskeltilbod, og helsesjukepleiar tilbyr støttesamtalar. Elevane vert innkalla til helsesjukepleiar på grunnlag av tidlegare funn, eller etter ønskje frå eleven sjølv, føresette eller lærarar. Mange elevar tek kontakt med helsesjukepleiar på eige initiativ. Elevar som treng vidare undersøking eller behandling/oppfølging, vert oftast viste til fastlegen, i samråd med eleven og føresette. Helsesjukepleiar kan gje rettleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, sex og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-ungdom m.m.

Skulehelsetenesta arbeider tverrfagleg ved behov, både i og utanfor skulen. Mellom anna med fastlege, helsestasjon for ungdom, SLT-koordinator, PPT, BUP og utekontakten. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette/evt. eleven. Me i skulehelsetenesta har teieplikt.

Faste rutineoppgåver

8.trinn

Får tilbod om individuelle samtalar kring trivsel og skulemiljø, fritid og heimeforhold, og om kropp, utvikling og sjølvbilete. Ein vil òg få tilbod om å sjekke vekt og høgdeutvikling.

9.trinn

Får gruppeundervisning om psykisk helse, og tverrfagleg undervisning om samliv og seksualitet (Helsesjukepleiar, lege, politi SLT-koordinator og SMISO (senter for incest og seksuelle overgrep).

10.trinn

Får tilbod om vaksinering mot difteri, stivkrampe, polio og kikhoste (kombinasjonsvaksine). Elevar og føresette får informasjon i god tid før vaksinering.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?