Koronavaksine
Folkehelseinstituttet tilrår ei oppfriskingsdose for følgjande grupper:
- Personar 75 år og eldre
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Personar i alderen 18–74 år som høyrer til ei risikogruppe
- Ungdom 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
- Barn frå 6 månader til 11 år med alvorleg grunnsjukdom, etter individuell vurdering av behandlande lege
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
Merk: Dersom du er under 65 år og ikkje sjølv er i ei risikogruppe, men bur saman med ein person med svekt immunforsvar, må du betale full pris for vaksine og vaksinering. Du er då ikkje omfatta av vaksinasjonsprogrammet
Tilbod til andre grupper
- Personar mellom 65 og 74 år som ikkje er i risikogruppe kan få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet, til same eigenandel som risikogruppene.
- Gravide utan underliggande sjukdom blir ikkje lenger rekna som ei risikogruppe for alvorleg koronasykdom.
- Gravide med underliggande sjukdom blir framleis tilrådde oppfriskingsdose og er inkludert i gruppa «18–74 år i risikogruppe».
Vaksinasjon av barn og unge under 18 år
- Folkehelseinstituttet vurderer at det ikkje er grunnlag for å tilrå grunnvaksinasjon til barn og unge under 18 år utan underliggande sjukdom. Dei får svært sjeldan alvorleg koronasykdom, men enkelte kan trenge sjukehusbehandling.
- Vaksinasjon kan vere aktuelt for barn og unge med alvorleg grunnsjukdom. Barn i alderen 6 månadar–4 år og 5–11 år får eigne barnedosar.
- For timebestilling for barn: Ta kontakt med din faste helsesjukepleiar.
- Barn som har fylt 16 år kan gj samtykke til vaksinasjon sjølve
- For barn under 16 år, krevst samtykke frå føresette. Ved felles foreldreansvar må begge føresette samtykke.
Sist oppdatert
Fant du det du var på jakt etter?
