Tilfluktsrom / bomberom

Offentlege og private tilfluktsrom 

Offentlege tilfluktsrom er bygde for å kunne gi vern for allmenta, ved at dei menneska som måtte vere i nærområdet, kan søkje vern i ein beredskapssituasjon. Det er kommunane som eig og held ved like offentlege rom. 

Private tilfluktsrom er bygde og dimensjonerte for å kunne gi vern for dei menneska som normalt oppheld seg på eigedommen der tilfluktsrommet er. Dei er i privat eige og eigaren har ansvaret for vedlikehald og klargjering av rommet.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Sivilforsvaret har ansvaret for tilsyn med både offentlege og private tilfluktsrom. 

Stord kommune har oversikt over tilfluktsrom i kommunen både offentlege og private, arbeidet med gjennomgang av oversikten, oppdatere status og kapasitet er i gong. 

Offentlege tilfluktsrom i Stord kommunen

Stord kommune har gått gjennom oversikta over offentlege tilfluktsrom og oppdatert denne. Stord kommunale eigedom og Sivilforsvaret skal i nærmaste framtid og gjennomføra synfaring av tilfluktsromma.

Fylgjande offentlege tilfluktsrom er tilgjengelege i kommune i dag:

ByggPlass til tal personar
Langeland skule200 
Hystad skule240 
Tjødnalio skule160
Kulturhuset300
Knutsaåsen eldresenter38
Stord sjukeheim39
Rehabiliteringssenteret100
Stord kommunale eigedom60

             

Samla er det 1.137 plassar i offentlege tilfluktsrom i Stord kommune i dag. Stord kommunale eigedom saman og Sivilforsvaret skal i nærmaste framtid gjennomføra synfaring av desse tilfluktsromma.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?