Alkohol- og matservering
Skal du nyte alkohol på arrangementet er det viktig å ha løyve i orden.
Ulike skjenkeløyve
Sjølv om det ikkje vert teke betaling for alkohol på festen/arrangementet kan det ligge føre eit krav om skjenkeløyve då det er forbod mot nyting av alkohol på offentleg stad utan slikt løyve.
Ønskjer du å servera alkoholhaldig drikk på ein private fest utanfor din eigen heim, kan det vera krav om skjenkeløyve for lukka lag.
Ønskjer du å skipa til eit offentlege arrangement og servera alkoholhaldig drikk, må du søkja om skjenkeløyve for eitt enkelthøve for ope arrangement.
For nokre arrangement kan det vera aktuelt å søkja om salsløyve for eitt enkelthøve.
Ta kontakt med avdeling fellestenester dersom du har spørsmål om skjenkeløyve for enkelthøve.
Trygg mat på messer og festivaler
All servering av mat ved festivaler og messer skal registrerast hos Mattilsynet. Du må også oppgi adresse til kjøkkenet kor maten vert laga.
Mobilt sal av matvarer Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Når du skal servera mat ute på arrangement som messer og festivaler, har Mattilsynet mange gode råd og tips til korleis ein kan ivareta god hygiene slik at maten som vert servert er trygg.
Trygg mat på messer og festivaler Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Ver merksam på at servering frå matvogner, kan krevja serveringsløyve frå heimehøyrande kommune.
Ta kontakt med avdeling fellestenester dersom du har spørsmål om serveringsløyve.
Priser
Skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope arrangement)
Kr 6 600,- per løyve.
Torgplass
| Type torgplass | Pris |
|---|---|
| Pris pr. rute på 15 m2 (minstepris) pr. i dag | 191 |
| Fast torghandlar for 60 m2 pr. år | 34 667 |
| Nattoppstilling pr. månad | 1 800 |
| Nattoppstilling pr. natt | 65 |
| Straum – tilfeldige torghandlarar pr. dag | 25 |
Faste torghandlarar betalar straum etter eigen målar.
Avgifta skal betalast forskotsvis pr. dag eller månad til kundetorget. Forskotsbetalt avgift kan ikkje krevjast refundert. Avgiftene for torghandel er fritekne for meirverdiavgift.
Bakgrunn:
For lag/organisasjonar og næringsdrivande utan fast utsalsstad er det mogeleg å leiga plass på Leirvik torg for sal av varer.
Det kan leigast plass for kortare eller lengre tidsrom. Plass kan tingast på førehand og dei som ikkje gjer det kan visast bort. Fellestenester i rådhuset tildeler plass.
Skjenkeløyve fast
Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. (alkoholforskriften) - Kapittel 6. Bevillingsgebyr - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Serveringsløyve
Det er ingen gebyr for søknad om serveringsløyve.
Ambulerande skjenkeløyve til lukka lag for eitt enkelthøve
Kr 470,- per løyve.
Salsløyve
Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i alkoholforskrifta § 6-2
Relatert informasjon
Skjema
- Alkohol - innrapportering omsett alkohol
- Etablerarprøven for serveringsstadar
- Kunnskapsprøven for serverings- og salsstadar
- Prøvetaking av etablererprøven eller kunnskapsprøven i alkohollova - tinging
- Salsløyve - innrapportering alkohol
- Bevilling - melding om endringer
- Kunnskapsprøven/etablererprøven - oppmelding
- Omsetningsoppgave for alkohol - salgsbevilling
- Omsetningsoppgave for alkohol - skjenkebevilling
- Salgsbevilling - søknad om bevilling til salg av alkoholholdig drikk gruppe 1
- Salgsbevilling - søknad om utvidet bevilling for gårdssalg (alkohol gr. 2)
- Serverings- og/eller skjenkebevilling - søknad
- Skjenkebevilling - søknad om bevilling for lukket selskap (ambulerende)
- Skjenkebevilling - søknad om bevilling for åpent arrangement (enkelt, bestemt anledning)
Relaterte artikler
- Fellestenester
- Innrapportering av omsett alkohol, og gebyr
- Bestilling av prøvetaking
- Leige av torgplass
- Serveringsløyve
- Licence to serve food
- Rettleiing alkoholregelverk
- Licence to serve alcohol
- Skjenkjeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve
- Skjenkjeløyve
- Salsløyve for alkohol
- Kunnskapsprøva - alkohollova
- Etablerarprøven for serveringsverksemd
Sist oppdatert
