Digitale tenester

Alle våre digitale tenester er nettmedier du kan bruke så lenge du har tilgang til internett. Det kreves kun at du er innmeld som nasjonal lånar ved vårt bibliotek.

Manglar du nasjonalt lånekort, PIN-kode eller har problemer med innlogging? Ta kontakt med biblioteket så kan vi hjelpa deg.

Bibliofil

Med appen Bibliofil får du blant anna oversikt over dine lån/reserveringar, tilgang til digitale tenester som Flipp og Pressreader, digitalt lånekort og oversikt over familiens lån med Familiemappa. I tillegg kan du søke i samlinga til biblioteket, sjå/redigere kontaktinformasjonen din, betale uteståande gebyr, fornye lån og reservere bøker.

Last ned Bibliofil fra App Store Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Last ned Bibliofil fra Google Play Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

BookBites blir Biblio!

Har du tidlegare bruka BookBites, må du lasta ned Biblio for å fortsetja å lesa og lytta til bøker frå biblioteket.

VIKTIG!

  • Ikkje slett BookBites-brukaren din før du lastar ned Biblio.
  • Ikkje lag ny konto i Biblio. Logg inn med det gamle BookBites-brukarnamnet ditt (e-posten din) og passordet i Biblio.
  • Har du gløymt passordet? Legg inn BookBites-brukarnamnet ditt (e-posten din) i Biblio og trykk «Glemt passord».

Innlogging for tidlegare BookBites-brukarar:

  1. Last ned Biblio frå AppStore eller Google Play.
  2. Trykk på profilikonet øvst til høgre.
  3. Trykk på «Fortsett med e-post».
  4. VIKTIG! Vel «Logg inn». Ikkje opprett ny konto.
  5. Logg inn med det gamle brukarnamnet ditt (e-post) og passordet frå BookBites. Trykk på «Har du gløymt passordet ditt?» om du har gløymt passordet ditt.
  6. Husk å sjekka innstillingane dine under «Personleg informasjon» for å sikra at dei ikkje har nullstilt seg. Du finn innstillingane i profilen din.

Innlogging for deg som ikkje har brukt BookBites eller Biblio før:

Finn fram lånekortet ditt (det fysiske kortet eller strekkoden din i Bibliofil-appen). For å oppretta ein ny brukar i Biblio, treng du ei gyldig e-postadresse og eit lånekort frå folkebiblioteket.

Last ned Biblio-appen i AppStore, Google Play, eller i nettlesaren på https://biblio.app Lenke til et annet nettsted.

Du opprettar ny brukar slik:

  1. Trykk på profilbilde øvst til høgre.
  2. Trykk på «Logg inn eller opprett ny brukar».
  3. Pass på at du vel riktig land øvst. Trykk «Fortsett med e-post».
  4. Oppgje ei gyldig e-postadresse og lag eit passord. Aksepter føresetnadane og trykk «Opprett konto».
  5. Vel den kommunen der du har eit bibliotek du kan låne bøker frå med lånekortet ditt.
  6. Legg til lånekort og PIN-kode. Lånenummer og PIN-kode finn du på https://bibliotekkortet.no/ Lenke til et annet nettsted..
  7. Tillat datainnsamling og aksepter villkår og føresetnadar.
  8. Oppgje fødselsåret ditt under «Profil» - «Innstillingar» - «Personleg informasjon» for å få bokhyller som passar til alderen din.

Ofte stilte spørsmål

  • Må eg laga ny brukar i Biblio?
    Nei, du brukar den same innlogginga i Biblio som du bruka i BookBites. Du finn brukarnamnet ditt (din e-post) under «Profil» - «Innlogging» - «Personleg informasjon» i BookBites.
  • Blir bøkene, reservasjonar og all statistikken med over i Biblio?
    Ja, alt du har i BookBites i dag, finn du igjen i Biblio.
  • Kor finn eg passordet mitt?
    Passordet ditt er sannsynleg laga på telefonen din. Du kan også be om nytt passord når du loggar inn med den gamle BookBites-brukaren din i Biblio.
  • Kvifor får eg beskjed om at e-posten allereie er i bruk?
    Du er i ferd med å oppretta ein ny konto. Ikkje gjer det. Gå tilbake og vel «Logg inn».
  • Kvifor får eg feilmelding når eg legg til lånekortet mitt?
    Du er i ferd med å oppretta ein ny konto. Gå tilbake og vel «Logg inn».

 

Diktbiblioteket

Diktbiblioteket er eit samarbeidsprosjekt mellom mange folkebibliotek i Noreg. Det inneheld ikkje dikt i fulltekst, men er meint som eit hjelpemiddel for å gjenfinne og lokalisere dikt.

Link til diktbiblioteket finn du her Lenke til et annet nettsted..

 

Filmbib

Lån kort- og dokumentarfilmar digitalt frå biblioteket! Strøymetenesta Filmbib lar deg låna norske kort- og dokumentarfilmar frå biblioteka i Noreg.

Logg inn med nasjonalt lånekort og PIN-kode utstedt av biblioteket.

Link til Filmbib si heimeside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Filmoteket

Med Filmoteket kan du strøyme filmar og seriar på nett. For å bruke tenesten må du ha eit nasjonalt lånekort.

  • På Filmoteket kan du strøyme spelefilmar, dokumentarar, kortfilmar og seriar.
  • Det du lånar er tilgjengeleg for deg i 48 timar.
  • Du har opptil 3 lån per månad.

Registrere ny brukar

For å registrere ny brukar går du inn på www.filmoteket.no/Register Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Fyll inn lånekortnummer og PIN-kode. Når du registrerer deg vil du få tilsendt ein e-post frå Filmoteket for å bekrefte kontoen din.

Brukarnamnet ditt er lånekortnummeret ditt, eller e-post dersom du har knytt den opp mot lånekortet ditt. Passord er ei PIN-kode (fire siffer) eller eit passord du har laga sjølv som er knytt til lånekortet ditt.

Du kan gå inn på Filmoteket si nettside for meir infomasjon her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Du kan logge inn på Filmoteket her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

 

Flipp

Med Flipp får du tilgang til over 90 av Noregs bestseljande magasin, vekeblad og teikneseriar! Når du loggar deg inn har du tilgang i 7 dagar. Etter 7 dagar må du anten logge inn på nytt på biblioteket for å fornya tilgangen, eller du kan fornya tilgangen heimanfrå. Meir informasjon om tilgang heimanfrå finner du under «Tilgang heimanfrå» under.

Har du allereie ein brukar? Logg inn med telefonnummer og passord.

Tilgang gjennom nettverket på biblioteket på eigen mobil eller datamaskin

  • Logg deg på nettverket til biblioteket: SK-Gjest.
  • Last ned Flipp-appen eller gå til nettstaden blader.flipp.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. i ein nettlesar.
  • Skriv inn ditt telefonnummer i feltet merka telefonnummer og skriv inn eit valfritt passord i feltet under. Merk at passordet du vel første gangen du logga inn blir det passordet du brukar i framtida.

Tilgang gjennom biblioteket sine stasjonære datamaskinar

  • Gå til nettstaden blader.flipp.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på ein publikums-PC.
  • Første gangen du loggar deg inn skriv du inn ditt telefonnummer i feltet for telefonnummer og eit valfritt passord i feltet under. Merk at passordet du vel første gangen du logga inn blir det passordet du brukar i framtida.

Tilgang heimanfrå

  • Opne Bibliofil-appen. I menyen går du til "Digitale tenester". Her skal Flipp ligga i undermenyen som kjem opp.
  • Logg inn med telefonnummer og valfritt passord.

Last ned Flipp frå App Store Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Last ned Flipp frå google Play Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Lån frå andre bibliotek

Når du ikkje finn boka du er ute etter i samlinga vår, kan du ofte finna den ved eit anna bibliotek i Noreg gjenom tenesten Biblioteksøk. Merk at ein ikkje kan tinga bøker frå inneverande år.

Gå til nettstaden bibsok.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Logg inn med lånekortnummeret og PIN-kode.

Søk opp boka du er ute etter og ting boka. Den kjem automatisk til Stord bibliotek om du er lånar hos oss. Du kan velja eit anna hentebibliotek om det er ønskjeleg. Når boka kjem får du melding via SMS eller e-post.

Nasjonalt biblioteksøk (bibsok.no) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Lesedigg

På nettstaden Lesedigg.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan born søka og finna bøker dei vil lesa sjølve! Ved hjelp av Oppdag-funksjonen kan born søke etter bøker ved å velje om bøkene skal vere korte eller lange, ha mykje eller lite bileter, og velje tema. I tillegg til dette blir det lagt ut bokmeldingar, bokomtalar, intervju med forfattarar og forslag til aktivitetar.

Dei fleste bøkene på Lesedigg.no er på nynorsk. Mange av bøkene er henta frå nynorskbok.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og Framtida junior Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Lesedigg.no er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa), seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida junior. Nasjonalbiblioteket har gitt utviklingsstøtte.

Lesedigg Heim - Framtidajunior.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Nasjonalbibliotekets nettbibliotek

Nasjonalbibliotekets nettbibliotek Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. gir deg digital tilgang til mange blandt anna bøker, aviser og tidskrift. Snart vil du få digital tilgang til alle bøker som er utgitt i Noreg til og med 2005 i Nasjonalbiblioteket sitt nettbiblioteket.

Den nye Bokhylla-avtalen, som er inngått mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor, omfatter 400 000 rettighetsbelagte norske bøker. Dette er 175 000 fleire enn i dag.

Søk i Nettbiblioteket her | Bøker | Aviser | Bilder | Tidsskrift | (nb.no) Lenke til et annet nettsted.

 

Pressreader

Pressreader gir deg tilgang til tusenvis av aviser og magasin. Last ned appen i App Store Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller Google Play Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., eller gå til www.pressreader.com Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Slik brukar du Pressreader på biblioteket sine stasjonær datamaskinar:

  1. Gå til www.pressreader.com Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
  2. Vel «Select publication».
  3. Vel det du ønskjer å lesa.
  4. Trykk på «Read now» for å opne.

Slik brukar du Pressreader på eigen telefon, nettbrett eller datamaskin:

Her er det to måtar du kan gå fram for å få tilgang i Pressreader via biblioteket: logg inn på biblioteket sitt nettverk, eller gå til Pressreader via Bibliofil-appen.

Logg på biblioteket sitt nettverk

Følg steg 1.-4 under «På biblioteket sine stasjonære datamaskinar».

Via Bibliofil-appen

  1. Opne Bibliofil-appen og gå til «Meny».
  2. Vel «Digitale tenester».
  3. Klikk på Pressreader-logoen eller «Trykk her for å gå til Pressreader». Pressreader vil no opna seg i eit nytt vindauge. Du får tilgang til Pressreader i 3 dagar.

Korleis kan eg fornya tilgangen?

Du kan fornya tilgangen til Pressreader ved å komme innom hovudbiblioteket og opne Pressreader via Bibliofil-appen.

 

Print ut på biblioteket med Princh

No kan du printa ut i biblioteket heimefrå! Stord bibliotek tilbyr utskriftstenesten Princh. Gå til nettstaden print.princh.com Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller last ned appen frå App Store Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller Google Play Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Hugs at om du nyttar tenesten heimefrå, må du ringa til biblioteket og seia at du har skrive ut, elles blir utskrifta di liggjande på printaren.

Du kan òg skriva ut med Princh frå biblioteket sine PC'ar i hovudbiblioteket:

  1. Last ned dokument ditt på PCen.
  2. Gå til print.princh.com Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
  3. Tast inn printer-ID: 104336.
  4. Last opp dokument ditt i Princh.
  5. Velg utskriftformat.
  6. Betal med kort, Vipps eller kontant.
  7. Hent utskrifta di ved printeren.

Sjå korleis Princh fungerar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Last ned frå Google Play Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Last ned frå App Store Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Princh Web app Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Treng du hjelp til data?

Du kan tinga time til personleg rettleiing på biblioteket. Vi har PC du kan låne, men ta gjerne med din eigen PC, nettbrett eller mobil. Hugs naudsynt påloggingsinformasjon som elektronisk ID (t.d. BankID).

Pris: gratis
Stad: biblioteket
Timen varer ca. 45 minutt

Her kan du tinga time:

Ring/send SMS til tlf. 48 21 32 06 eller send e-post til bibliotek[at]stord.kommune.no.

 

Sommarles

Bli med på sommaren sin kulaste lesekampanje! Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-forteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les!

Til føresette

Sommarles er for alle! På Sommarles.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan ein registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).

For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for året.

For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese i veg!

Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren!

Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir. God sommar med Sommarles.no!

Vil du vite meir om Sommarles? Sjå Alt om Sommerles – Alt om Sommerles Lenke til et annet nettsted.

Sommerles.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?