Faste arrangement
Alle arrangement blir annonsert på Stord bibliotek si Facebook-side Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., Stord kulturhus si side stord.kulturhus.no/kulturprogram/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og på plakatar utanfor kulturhuset.
For barn og unge
For barn og unge
Bok & bolle
Bok & bolle

Foto: Lina Kivaka
Kl. 12.00
- 12. september
- 3. oktober
- 7. november
- 5. desember
Velkomen til høgtlesing av ei bildebok for barn! Opplesninga passar aller best for barn mellom 4-7 år.
Billettar til små og store kan du reservera på stord.kulturhus.no/kulturprogram/ Lenke til et annet nettsted.. Me oppmodar om å møte seinast 10 min før arrangementstart. Gratis bolle til barna.
Musikkleik
Musikkleik 0-1

Pexels
Velkomen til Musikkleik på Stord bibliotek! Musikkleik 0-1 er eit tilbod for barn frå 0 til 1 år. Kulturskulen tilrår at barna er minst 2 månader når dei startar.
Kl. 11.00
- 8. og 22. september
- 14. og 28. oktober
- 17. og 25. november
- 1. og 15. desember
Musikalsk samvær skapar rom for meiningsfulle augeblikk og gode opplevingar. Mor, far eller andre omsorgspersoner si stemme og kropp i rytmisk aktivitet, song og leik, skapar tryggleik og glede hos små barn. Songen styrkar det nære og viktige samspelet mellom foreldre og barn.
Bånsuller ved leggetid roar ned både vaksne og barn. Musikk kan også skape glede og liv, eller gi stadfesting på vanskelige kjensler hos barnet.
Gratis og ope for alle.
Foto: @pexels
Lesedigg
Lesedigg-klubben: 4.-7. trinn

Illustrasjon: Lesedigg.no / Victoria H. Hamre
Kl. 13.30-15.00
- 1. september
- 13. oktober
- 3. november
- 1. desember
Likar du å lesa? Og går du i 4.-7. trinn? No kan du bli med i Lesedigg-klubben på biblioteket. Håpar du kjem og ta gjerne med ein venn! Ope for alle.
Påmelding til første samling på e-post: bibliotek[at]stord.kommune.no
Lesesona
Lesesona: 8.-10. trinn
.png)
Illustrasjon: Lesedigg.no / Victoria H. Hamre
Lesesona er for deg som går på ungdomsskulen, som har lyst til å snakka om det du les og bli inspirert til å lesa meir. Infomøtet er med bibliotekar Runa, og deg som lurer på om du vil vera med. Me snakkar saman om kva me vil få ut av Lesesona og blir litt kjende. Alle får smoothie!
Det er låg terskel for å vera med utover hausten, men me vil gjerne ha påmelding til infomøtet. Send mail til bibliotek@stord.kommune.no.
Lesesona blir fire torsdagar i haust, kl. 14.30-15.30:
- 17. september
- 15. oktober
- 19. november
- 10. desember
For vaknse
For vaksne
Demokratisk lesesirkel
Demokratisk lesesirkel

Kl. 18.00
Neste samling: 14. september
Lesesirkelen tek for seg bøker som gir grunnlag for samtale om demokratiet og kva som påverkar det. Me legg opp til å lesa ei bok i månaden, og møtast til samtale om boka me har lese.
- 14. september - «Landet som ble for rikt» av Martin Bech Holte.
- 27. oktober - «Demokratiets langsomme død» av Janne Haaland Matlary.
- 8. desember - «Ingenting blir som før» av Gaute Skjervø.
Ønskjer du å delta? Reserver gratisbillet for å melda deg på. Det kan du gjera her: Demokratisk lesesirkel | Stord kulturhus Lenke til et annet nettsted..
Lytt & prat
Lytt & prat - ei sosial lesestund

Foto: Rahime Gül
Kl. 12.00-13.30
- 23. september
- 5. november - FALTURILTU (OBS! Kl. 19-20.30)
- 2. desember
Lytt og prat er ei roleg og inkluderande form for sosial lesing der vi les korte tekstar i lag med rom for å kjenna etter og dela tankar undervegs.
Sosial lesing skaper eit rom der litteraturen får tid til å synka inn, og der ulike perspektiv får koma fram. Det handlar ikkje om å tolka «rett», men om å kjenna etter kva teksten gjer med oss.
Ein bibliotekar les høgt ei tekst og inviterer til samtale om det vi nett har lese. Du treng ikkje førebu noko på førehand, og det er heilt lov å berre lytta. Det blir enkel servering med kaffi, te, kjeks og litt frukt.
OBS! Samlinga 4. november har anna tidspunkt enn dei andre. Då blir det Lytt & prat kl. 19:00-20:30.
Det er gratis å delta. Meld deg på ved å reservera gratisbillett her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Språkkafé
Språkkafé

Foto: Stord bibliotek / Lenora R. Skrede Gjerde
Kl. 12.30-13.30
- 1, 15. og 29. september
- 13. og 27. oktober
- 10. og 24. november
Velkomen til uformelle samtalegrupper på Stord bibliotek!
Det vert servert kaffi/te/kjeks. Alle som ønskjer norsk språktrening er velkomne!
Helsing Internasjonal Kulturklubb Stord Lenke til et annet nettsted. og Stord bibliotek.
Treng du hjelp til data?
Treng du hjelp til data?

Foto: Stord bibliotek / Lenora R. Skrede Gjerde
No kan du tinga tid til personleg rettleiing på biblioteket. Ta med eigen PC, nettbrett eller mobil.
Bestill tid ved å avtale med personalet i INFO-skranken eller ta kontakt med biblioteket på tlf. 48 21 32 06 eller bibliotek[at]stord.kommune.no.
Pris: Gratis
Timen varer ca. 30 minutt.
Sist oppdatert
